Hopp til innhold

Skadd tigerunge i ferd med å friskne til

Ein av dei to nyfødde tigerungane i Dyreparken i Kristiansand var skadde, men ser no ut til å ha det bra.

Tigerfødsel Dyreparken mai 2023
Foto: Dyreparken

Søndag fødde amurtigeren Boonya to tigerungar i Dyreparken, ein hann- og ein ho-tiger.

Hanntigeren hadde ein skade i foten like etter fødselen, men ser no ut til å ha det bra.

– Vi held fram med å følgje tigerungen tett og gir sårbehandling. Såret ser stabilt ut, og ungen ser ut til å ha det fint, han drikk mjølk og er aktiv. Så dette trur vi kjem til å gå fint, fortel veterinær Rolf-Arne Ølberg.

Rolf Arne Ølberg

Veterinær Rolf-Arne Ølberg seier alt går fint med dei vesle ungane.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Erfaren tiger-mor

Veterinærane i Dyreparken har følgt tigerungen tett sidan fødselen og opplyser at han utviklar seg som normalt.

Tigerfødsel Dyreparken mai 2023

Fødselen kom overraskande på Dyreparken. Dei tilsette visste nemleg ikkje at tigeren var drektig.

Foto: Dyreparken

Tigermammaen Boonya har fødd fleire gonger før og er ei erfaren mor.

Veterinærane fortel at ungane har det fint saman med mora og dei andre søskena i parken.

For augneblinken er tigerungane inne slik at de får ro samen med mora, men det vil vere mogleg å sjå dei i Dyreparken utover sommaren.

Amurtigrene i Dyreparken er del av eit europeisk bevaringsprogram som avgjer kva tigrar som skal få ungar basert på kven som passar best saman genetisk.

Målet er å ha ein sunn bestand av tigrar i dyreparkane i verda. (NTB)

Tiger i Kristiansand Dyrepark

Dyreparken i Kristiansand har fleire tigrar. Dei er populære attraksjonar.

Foto: Dyreparken
NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 0,57 kr
Dyrest kl. 08 0,63 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,2 kr 25 min.
  • Dusje 2,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %