Hopp til innhold

Sjukehusstyret ber om ro

Styreleiar ved Sørlandet sykehus, Camilla Dunsæd, meiner at saka om barneavdelinga i Arendal er blåst opp. Samstundes understrekar ho at styret ikkje har bestemt seg for kva dei skal gjere.

Camilla Dunsæd

Camilla Dunsæd ber om ro rundt barneavdelinga i Arendal. Fleire har uttrykt bekymring etter at sjukehusdirektøren føreslo å overføre fleire akuttpasientar til Kristiansand på kveld- og nattestid.

Foto: Svein Sundsal / NRK

– Det er nokon gonger det kjem ut på ein slik måte at ein fryktar endå meir enn det som er naudsynt. Her er det ikkje snakk om å leggje ned noko. Her er det jo å vidareføre den vakta som allereie er i dag, seier Dunsæd til NRK.

Fleire er bekymra

Både Arendal kommune, Sørlandet sykehus Arenal i våre hjerter og stortingspolitikar har engasjert seg i saka.

Bakgrunnen for reaksjonane er at sjukehusdirektør Jan Roger Olsen har føreslege å overføre fleire akutt-tilfellepå kvelds- og nattestid frå Arendal til Kristiansand.

Dette har resultert i at Arendal kommune har sendt eit bekymringsbrev til sjukehusstyret.

Måndag kom det fram at også stortingsrepresentant Svein Harberg (H) har sendt eit brev der han uttrykkjer bekymring for framtida til barneavdelinga.

Ber om ro

Stiftelsen Sørlandet sykehus Arendal i våre hjerter har allereie varsla eit nytt fakkeltog for sjukehuset, dersom sjukehusdirektøren sitt forslag går gjennom.

– Eg ser ikkje vekk ifrå at det er såpass mykje krut att i Arendal at vi stiller på eit nytt fakkeltog, sa leiar i stiftelsen Sigurd Ledaal til NRK i førre veke.

Styreleiaren ved Sørlandet sykehus meiner at saka har blitt blese opp. No ber ho om ro kring saka.

– Eg håpar at alle bidreg til at fagfolka kan få den naudsynte roa, slik at vi kan komme fram til ei løysing som kan fungere, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %