Hopp til innhold

Sjukehuset i Arendal flytta på gata

Sjukehuset i Arendal arrangerte open dag, og flytta både legar, sjukepleiarar og apparat ut på gata i sentrum av Arendal.

Totalt rundt 20 ulike stands med 80 personar i kvite frakkar var å sjå i Arendal sentrum i kveld. Her var sjukepleiarar og legar på plass for å demonstrere og vise sjukehuset sine ulike tilbod til befolkninga. Ein av dei som fekk «behandling» var direktør ved Sørlandet sykehus, Jan Roger Olsen.

– Fysisk er visst alt i orden, smilte Olsen spøkefullt då han vart undersøkt med ultralyd.

Samlar inn pengar

Arrangementet er eit ledd i mammografiaksjonen, som har som mål å samle inn 7,5 millionar kroner til nytt digitalt mammografiutstyr til kvart av dei tre sjukehusa i Arendal, Kristiansand og Flekkefjord.

– Dette er eit heilt fantastisk flott arrangement. Eg er kjempenøgd. I tillegg må eg igjen få skryte av Arendal kommune som i dag gav 400 000 kroner til aksjonen , seier aksjonsleiar Alf-Eivind Ljøstad til NRK Sørlandet.

Frykta svineinfluensa

Arrangementet er eit samarbeid med SSA i Våre Hjerter og sjukehuset i Arendal. I utgangangspunket skulle arrangementet funne stad utanfor sjukehuset, men på grunn av svineinfluensa vart det flytta ned til kulturhuset i byen.

Sjukehusdirektør Jan Roger Olsen gjekk gjennom nesten full helsesjekk på dei ulike standane.

– Alt såg ut til å vere bra, seier Olsen, som dermed skulle vere godt rusta til framtidige utfordringar ved Sørlandet sykehus.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %