NRK Meny
Normal

Sjukdom stoppar Olsbu i VM

Marte Olsbu frå Froland må droppe normaldistansen i skiskyttar-VM i Kontiolahti på grunn av sjukdom.

Marte Olsbu

Marte Olsbu går ikkje onsdagens normaldistanse i Kontiolahti.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

24-åringen har fått ein øvre luftvegsinfeksjon. Ho er no isolert frå resten av landslaget.

– Det er kjempekjedeleg. Eg hadde gleda meg til å gå. Det er kjipt, seier Olsbu som no held senga for å bli frisk raskast mogleg.

Erstatta av Ringen

Elise Ringen erstattar sørlendingen på onsdagens distanse.

Olsbu har hatt ein trå start på meisterskapen og vart nummer 26 på sprinten laurdag.

På jaktstarten søndag enda ho heilt nede på ein 42. plass etter å ha gløymt å gå ei strafferunde. Det gjorde at ho fekk tidsstraff.

Håpar å rekke stafetten

Hennar store mål i VM er å få gå VM-stafetten. Den har ho framleis eit håp om å rekke.

– Eg ligg berre i senga, ser på seriar, drikk mykje vatn og tek nasespray. Eg gjer alt eg kan for å bli frisk til stafetten. Det er målet, seier Olsbu.

– Eg håpar det går fort over. Eg har ikkje vondt i halsen og er berre litt tett. Men ein veit aldri. Eg får berre ta dag for dag, seier ho.

Lars Helge Birkeland får Birkenes mistar heile meisterskapen på grunn av sjukdom.