NRK Meny
Normal

Sjøen «kokte»: – Folk trudde det var dommedag

Elisabeth Iglebæk Høibo og familien fekk seg ei skikkeleg overrasking då dei skulle bade på Brekkestø i Lillesand.

Sjøen koker når fiskestimen har et festmåltid helt inntil land. Fotograf Ingrid Sundli har filmet begivenheten.

Då dei kom ned til strandkanten såg dei etterkvart at det var aktivitet i vatnet. Etter nokre minutt tok det heilt av.

– Vi fekk litt sjokk. Det kokte plutseleg rundt oss. Nokon som var i båt trudde det var dommedag, ler ho.

Fiskane laga eit skikkeleg leven i vatnet også heilt inne med land.

– Det var heilt vilt, men utruleg artig. Dette er vel ikkje nokon ein opplever så mange gonger, seier ho.

Verken Elisabeth eller nokon av dei andre klarte å sjå kva type fisk det var som laga liv i vatnet.

– Eg trur ikkje det var makrell, men eg veit ikkje. Eg er ikkje nokon fiskeekspert. Heller ikkje dei andre klarte å sjå kva type fisk det var, seier ho.

Familien hadde sett att fiskestengene.

– Vi skulle jo berre ned for å bade. Men hadde vi kasta uti så hadde vi nok garantert fått fisk, seier ho.