Hopp til innhold

Sjekkar overvakingskamera etter valdtekt

Politiet går no gjennom overvakingskamera i Grimstad sentrum etter overfallsvaldtekta søndag.

Overfallsvoldtekt Grimstad

Politiet har førebels ingen mistenkte i valdtektssaka i Grimstad.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Eva Marit Gaukstad

Politioverbetjent Eva Marit Gaukstad.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Politiet har også fått inn fleire tips etter valdtekta.

Ei kvinne i 20-åra skal ha blitt overfalt og valdteken i området Lillesandsveien og Ebbelsgate like utanfor sentrum.

Fleire vitne har meldt seg sidan søndag. Politiet har også gjort fleire avhøyr av vitne. Dei har også fått inn fleire tips frå publikum.

– Brukar alle middel og metodar

– Nokre av tipsa sjekkar vi nærare. Elles held etterforskinga på med fullt trøkk. Vi sjekkar ut og gjer dei undersøkingane vi meiner er naudsynte, seier politioverbetjent Eva Marit Gaukstad til NRK.

Politiet etterlyser ein mann mellom 30 og 45 år etter valdtekta. Mannen skal vere mellom 160 og 180 centimeter høg. Han skal vere mørkhuda og snakka snakka engelsk og gebrokkent norsk.

– Eg ynskjer ikkje å vere så veldig konkret kring kva vi gjer i etterforskinga. Vi etterforskar ei alvorleg sak med ein førebels ukjend gjerningsmann. Vi brukar alle middel og metodar vi kan, seier Gaukstad.

Vurderer alle tips

Politiet etterlyser framleis tips frå folk, som kan ha sett den etterlyste mannen.

– Vi vurderer alle tips som kjem inn og vurderer kven som skal avhøyrast fortløpande, seier ho.

NRK fortalde måndag at dei meiner dei har ein så god beskrivelse av mannen at dei vurderer å gå ut med ei teikning av mannen.

Tysdag seier politiet at det ikkje er aktuelt no. Årsaka er at dei fryktar at ei teikning kan villede publikum, som kan ha relevante opplysningar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %