NRK Meny
Normal

Vil ha raskare svar på svineinfluensa - gjer eigne analyser

Sørlandet sykehus set i verk nytt tiltak for å få raskare svar på svineinfluensa-prøver. Bakgrunnen er ei rekkje tilfelle av svineinfluensa i landet den siste tida.

Svineinfluensaen er på vei mot Sørlandet. Foreløpig er det flest tilfeller på Østlandet, men nå oppfordres sørlendinger som er i risikogruppene om å vaksinere seg.

VIDEO: Vaksinasjonskontoret i Kristiansand merkar større pågang frå folk som vil ta influensavaksine. I dag tok smittevernlege Dagfinn Haarr i Kristiansand vaksina.

Tidlegare har det kun vore Folkehelseinstituttet som har analysert prøvene. Prøvene må dermed sendast, noko som tek tid.

Frå og med onsdag gjer sjukehuset eigne prøver og analyser for å avdekkje svineinfluensa. Det betyr at svaret på prøva kjem same dag, som prøva er teken.

– Fordi metoden er så ressurskrevjande har den ikkje vorte brukt før no, seier smittevernlege ved sjukehuset, Erik Bertnes til NRK.no.

Fleire tilfelle

Bakgrunnen for dette er fleire tilfelle av svineinfluensa den siste tida. Til saman seks personar får no behandling ved norske sjukehus etter å ha blitt smitta av virus.

Sørlandet sykehus har gjennomført fleire prøver onsdag. 24 personer på Sørlandet har så langt fått påvist svineinfluensa.

I løpet av romjula sende sjukehuset fleire prøver til analyse til Folkehelseinstituttet for analyse.

– Vi har ikkje fått svar på alle. Det kan liggje nokre positive prøver blant dei, men førebels er det ikkje noko stor problemstilling for oss. Det trur eg vi kan seie ganske sikkert, seier han.

Influensavaksine

VAKSINE: Vaksinasjonskontoret i Kristiansand opplever auka pågang av folk som vil vaksinere seg mot svineinfluensa. Onsdag starta også Sørlandet sykehus opp med eigne testar for å avdekke svineinfluensa.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Fleire vil vaksinere seg

Dagfinn Haarr

VAKSINERT: Smittevernlege i Kristiansand, Dagfinn Haarr, tok influensavaksine onsdag.

Foto: Odd Rømteland

På vaksinasjonskontoret i Kristiansand merkar dei pågangen frå folk som vil vaksinere seg mot influensa.

– Det er litt fleire folk som kjem og vi får litt fleire telefonar, seier avdelingsleiar Kristin Holen.

Smittevernlege i Kristiansand, Dagfinn Haarr, gjekk sjølv på vaksinasjonskontoret onsdag for å få vaksine.

– Også unge og friske folk kan bli sjuke av dette. Det normale er at det er gamle menneske og folk i risikogruppene som vert sjuke. Det er dei vi vil at skal vaksinere seg, seier han.