Start møter desse i sesongoppkøyringa

Måndag vart det klart kven Start møter på La Manga. Dermed er lista over kven sørlendingane møter i oppkøyring til ny eliteseriesesong komplett.

Start-Lillestrøm

Start møter Brann, Sogndal og Aalesund på La Manga i februar.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Start reiser til La Manga 18. februar. Her skal dei spele treningskampar mot Brann, Sogndal og Aalesund.

– Vi ser fram til opphaldet i Spania. Kampoppsettet passar oss fint. Her vert det bra motstand og gode moglegheiter for å restituere og trene mellom kampane, seier sportsleg administrativ leiar i Start, Rune Jakobsen til ikstart.no.

Sørlendingane startar oppkøyringa mot ny eliteseriesesong 31. januar mot Vindbjart i Sørlandshallen.

Oppkøyringa vert avslutta med generalprøve mot Brann på Sør Arena 23. mars.

Terminliste treningskampar:

  • 31. januar: Start - Vindbjart (Sørlandshallen)
  • 7. februar: Start - Sandefjord (Sørlandshallen)
  • 14. februar: Start - Vikting (Sørlandshallen)
  • 20. februar: Start - Brann (La Manga)
  • 23. februar: Sogndal - Start (La Manga)
  • 26. februar: Aalesund - Start (La Manga)
  • 7. mars: Odd - Start (Sørlandshallen eller Skagerak Arena)
  • 15. mars: Vejle - Start (Vejle)
  • 23. mars: Start - Brann (Sør Arena)

Start opnar sesongen borte mot regjerande seriemeister Strømsgodset 30 mars. Sjå fullstendig kampoppsett for eliteserien her.