Hopp til innhold

Sjekk skilnaden under og etter flaumen

Kyrkjegarden i Kvinesdal stod under vatn søndag. Måndag er vatnet borte. Inne i kyrkja jobbar dei no med å tømme kjellaren for vatn.

Kvinesdal kirke før og etter flaumen

Kyrkjegarden i Kvinesdal med og uten flomvatn.

Foto: Lars Eie/NRK -

– Det var eit veldig trist syn. Veldig mange såg det og tykte det var leit. Å sjå eigne graver under vatn, og gravstøttene som nesten var borte, var veldig rart og trist, seier kyrkjeverje Per Øystein Rogstad til NRK.

Per Øystein Rogstad

Per Øystein Rogstad jobbar med å få vatn ut av kjellaren.

Foto: Lars Eie/NRK

Etter at ekstremvêret «Synne» hadde rasa ifrå seg gjennom heile helga vakna lokalbefolkninga opp til eit sentrum full av vatn og ein kyrkjegard som knap var mogleg å kjenne att.

Prøvde å berge møblar

Også kjellaren i kyrkja stod under vatn. Laurdag kveld jobba dei intenst med å berge verdigjenstandar.

– Møblane står hulter til bulter. Vi stabla dei så godt vi kunne, men så kom jo vatnet mykje høgre enn vi hadde tenkt oss, seier han.

– Vi løfta mellom anna eit piano opp på nokre lekablokker og håpa det skulle halde. Men då vatnet steig ein meter til, så ja. Pioanoet er truleg tapt, seier kyrkjeverja.

Vatn på golvet i kyrkja i Kvinesdal

Det stod framleis vatn på golvet i kjellaren i kyrkja måndag føremiddag.

Foto: Lars Eie/NRK

Framleis vatn i kjellaren

Pumpene har gått for fullt for å tømme kjellaren for vatn. Framleis er det mykje arbeid som står att.

– Det står framleis 5-10 centimeter vatn, seier han.

Han har førebels ikkje full oversikt over skadeomfanget.

– Her nede i kjellaren må truleg alt av treverk skiftast ut. Veggar og alt må nok ut. Det er ikkje så mykje materielle skader utover det, seier han.

Skal ha gravferd tysdag

– Vi har kanskje eit varmeforsyningsanlegg eg er redd har fått skade. Så har vi eit verkstadbygg med mykje utstyr. Ein del av maskinene er i alle fall i orden, seier Rogstad.

Allereie i morgon skal det haldast både gravferd og julevandring for ein barnehage i kyrkja.

– Vi håpar og trur at det skal gå bra, seier han.

Siste nytt om skadene fra ekstremværet i Rogaland og Agder.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %