Hopp til innhold

Sjekk lunsjmenyen til elevane

Skuleelevane ved Grim skole i Kristiansand tyr til ein noko utradisjonell lunsjmeny. Loff fylt med paprikachips har vore ein gjengangar i ei årrekkje ved skulen.

Grimloff

Slik ser den ut. Grimloffen. Rett og slett loff fylt med paprikachips.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

I langfri er det som regel kø ved Grim Bakeri og Konditori som ligg berre eit steinkast unna skulen.

– No har eg laga klar loffen. Det pleier som regel å vere kø frå klokka elleve og utover, seier Kine Brodersen Arnø som står bak kassen.

Ivona Murtic

Ivona Murtic likar Grimloffen godt. – Det er veldig godt, men eg kjøper ikkje så veldig ofte, seier ho.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK
– Smakar godt

«Grimloffen», som den vert kalla, har blitt så populær at dei til og med har ein eigen knapp på kasseapparatet.

– Du tek ein halv loff, tek ut innhaldet og fyller den med paprikachips, forklarer Arnø, som ikkje har smakt den populære lunsjen.

– Men det er sikkert godt sidan det er så mange som kjem og kjøper det, seier ho.

Nokre få minutt over elleve kjem dei første elevane inn dørene på bakeriet.

– Grimloff, seier den første i køen.

Ekspeditøren finn fram loff og paprikachips.

– Det smakar veldig godt og så er det ganske billeg i forhold til å kjøpe ting på butikken, seier Ivona Murtic.

Kine Brodersen Arnø

Kine Brodersen Arnø står klar i kassa. – Eg har ikkje smakt det sjølv, men det må jo vere godt sidan så mange kjøper, seier ho.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Dette vil eg ikkje anbefale

Markus Stendal

Markus Stendal er klar på at Grimloffen ikkje er det sunnaste lunsjalternativet.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

Denne dagen er det ikkje like mange som det plar vere. Årsaka er tentamen ved Grim skole. Men likevel er det ein god gjeng som har funne vegen til bakeriet.

Markus Stendal står i køen, klar for å fylle magen. Med loff og chips.

– Det er veldig usunt, men det er så godt, ler han.

Nokre av elevane hevdar at Grimloffen ikkje er «så» usunn, men der tek dei feil ifølgje eksperten.

– Oi, er ernæringsfysiolog Linn Anja Vikøren sin første reaksjon når ho får høyre om den noko spesielle lunsjen.

– Eg kan kort og godt seie at dette ikkje er noko eg vil anbefale. Det er næringsfattig og kaloririkt. Det er sikkert godt og billeg, men ei dårleg investering på sikt, seier Vikøren.

Kø ved Grim Bakeri

Kø i bakeriet. Alle i køen skal ha Grimloff.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

– Smør brødskiver

Ho er klar på at grovt brød med pålegg er den beste lunsjen for helsa.

– Kosthald og ernæring er kanskje ikkje det første dei tenker på i den alderen. Spar heller pengane og smør to-tre skiver heime. Ta gjerne med ein frukt også, er rådet frå eksperten.

Som nemnt er ikkje «Grimloffen» noko nytt.

– Vi åt Grimloff då eg gjekk på skulen, seier ei dame i 40-50-åra vi møter i ein butikk like ved.

Kine Brodersen Arnø i kassa på bakeriet seier at dei stadig får kommentarar frå kundar.

– Det kjem eldre folk inn som hugsar at den eksisterte då dei gjekk på skulen. Det er sjeldan at dei eldre kjøper, men den har nok vore lenge, seier ho.

NETT-TV: NRK testet Grimloffen

Skuleelevane ved Grim skole i Kristiansand tyr til ein noko utradisjonell lunsjmeny. Loff fylt med paprikachips har vore ein gjengangar i ei årrekkje ved skulen. Vi testet fenomenet.

NETT-TV: NRK testet Grimloffen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %