Hopp til innhold

Sjekk dette «vengespennet»!

Sofie Reisænen svømmer opptil 70 000 meter i veka. Då hjelp det med eit «vengespenn» på over 1,80 meter.

Sofie Ræisinen

Sofie Reisænen frå Kristiansand blir sett på som eit av Noregs største talent innanfor sin idrett. Ho trur armlengda kan ha ein finger med i spelet på kvifor ho har blitt så god. Sjølv har ho ikkje målt kor langt «vengespennet» er, men ho tippar over 1,80 meter.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Det er bra for svømminga å ha lange «årer».

Det 18 år gamle svømmetalentet Sofie Reisænen frå Kristiansand har ein stor fordel når det kjem til idretten ho driv med. Ho blir rekna som eit av Noregs største svømmetalent, og då hjelp det på med eit famntak på nærare to meter.

Storeslem i helga

Sofie Ræisinen

Stortalentet Sofie Reisænen trenar over 20 timar i veka. Det blir det gode resultat av.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

I helga tok ho storeslem under Nordisk meisterskap i Bergen.

Heim til Sørlandet fekk ho med seg gull på stafett, gull og norsk juniorrekord på 200 meter medley, i tillegg til sølv på 200 meter bryst.

Sjølv meiner talentet som svømmer for Vågsbygd Svømmeklubb at det er fleire faktorar som har gjort at ho har nådd toppen.

– Eg har trent mykje, er høg og har lange armar.

For å halde seg på det nivået ho er på, må ho ha mange timar i bassenget i løpet av veka.

– Det blir over 20 timar i veka, sidan svømming ikkje er så belastande som å springe. Og ein må jo berre auke for å bli betre og betre. Det er mykje trening, men det er verdt det når det går bra.

Hushovd rosar svømminga

Thor Hushovd har sjølv trekt fram svømming som eit miljø som oppnår store ting, med små ressursar.

– Dei er kjempegode til å byggje opp unge utøvarar som vinn store internasjonale medaljar

Sjå intervju med svømmetalentet her:

Sofie Ræisinen gjest i studio

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %