Hopp til innhold

Sjekk desse frekke bomsnikarane

Mange bilistar køyrer over i feil køyrefelt for å lure seg unna bompengebetaling. Statens vegvesen fryktar trafikkfarlege situasjonar og vurderer å setje inn tiltak.

Video Farlig bomsniking

VIDEO: Sjå dei frekke bilistane som prøvar å unngå å bli 'fanga' opp i bomstasjonen.

Ivar Sørensen

Ivar Sørensen

Foto: Odd Rømteland/NRK

På Gimlekollen i Kristiansand vart det registrert 40 forsøk på passeringar i feil køyrefelt berre i går. Men ifølgje vegvesenet er det umogleg å køyre gratis gjennom automatiske bomstasjonar.

Umogleg å køyre gratis

– Bomstasjonane er spesifisert, bygd og testa for alle typar passeringsmoglegheiter gjennom stasjonane, seier senioringeniør i Statens vegvesen, Ivar Sørensen til NRK.no.

– Det gjeld både ordinær passering i riktig køyrefelt og retning, passering i motgåande køyrefelt og utanfor vegskulder. Det skal ikkje vere mogleg å passere utan å bli registrert, seier Sørensen.

NRK.no sin fotograf fanga opp fleire frekke bilistar på Gimlekollen i Kristiansand tysdag. Bilisten la seg bevisst over i motgåande køyrefelt for å køyre gratis.

– Utstyret tek vare på alle typar registreringar og du vert fotografert så sant du ikkje har ei gyldig brikke som vert regiserert ved passering, seier han.

Video Farlig bomsniking

VIDEO: Vegvesenet vurderer no å setje inn tiltak for å unngå trafikkfarlege situasjonar.

Trafikkfarleg

Bomstasjonen på Gimlekollen ligg like ved ein sving. Å leggje seg over i feil køyrefelt kan skape farlege trafikksituasjonar.

– Ein bryt etablerte køyremønster som kan føre til trafikkfarlege situasjonar. Det bør ein for all del unngå, seier senioringeniøren.

– Ein konsekvens dersom folk ikkje sluttar med dette, må ein kanskje vurdere tiltak i bomstasjonane for å unngå den slags, seier han.

I januar i fjor kom det fram at folk snik og juksar for millionar av kroner på ferjer og andre transportmiddel i Møre og Romsdal. Det førte til at ferjeselskapa skjerpa kontrollane.

Snik på Svinesund

Bomstasjon Svinesund

SNIKING: Også på bomstasjonane på Svinesund har det vore mykje sniking.

Foto: NRK

Same månad kom det fram at stadig fleire bilistar som kryssar grensa ved Svinesund legg seg ut i autovernet for å unngå bompengar.

– Det er nok nokre som har fått nokre ekstra bulkar - kun for å spare 20 kroner, sa Jeanette Begby frå Group 4 Security.

Bompengeselskapet sette opp hindringar for dei som køyrde ulovleg, utan å lukkast.

– Vi har sett opp kjegler for å hindre bilistar i å køyre ulovleg. Dei kan flyttast på og det hender bilistane flyttar desse bevist for å sleppe å betale avgift, sa ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %