Hopp til innhold

Bil med fire personar køyrte frå politiet - hamna i grøfta

Sjåføren anmeldast etter at ein bil stakk av frå ein politikontroll og deretter køyrde av vegen i Farsund. Alle fire i bilen blei send til sjukehus.

Farsund

Det var klokka 00.43 natt til søndag Agder politidistrikt melde om at ein personbil ikkje stoppa for kontroll på riksveg 43 ved Espeland i Farsund i Vest-Agder.

Bilen køyrde i retning Lyngdal då den køyrde av vegen.

– Føraren av bilen er kjent for oss frå tidlegare og har ikkje førarkort, opplyser operasjonsleiar i Agder politidistrikt, Ingrid Mæhre, til NRK.

Alle fire i bilen vart send til sjukehus etter ulykka.

Politiet beteiknar føraren av bilen og ein passasjer som uskadd, og sjukehuset i Flekkefjord melder at ein mann og ei kvinne er lettare skadd etter at bilen hamna i grøfta natt til søndag.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Førar anmeldast for køyring i rusa tilstand utan gyldig førarkort og for å ha unndratt seg politikontroll, ifølgje Agder politidistrikt. Politiet har tatt utvida blodprøve av føraren.

Det er store materielle skader på bilen, og vegen blei ei periode stengt i forbindelse med dei kriminaltekniske undersøkingane på staden. Den skal no vere opna igjen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %