NRK Meny
Normal

Ugland snakkar om arven i eksklusivt NRK-intervju

I eit eksklusivt interjvu fortalde avdøde Johan Jørgen Ugland at milliardarven hadde vore bestemt i mange år. NRK.no viser intervjuet for første gong.

Video Eksklusivt intervju med rederen Johan Jørgen Ugland

Då Johan Jørgen Ugland døydde i mars i år gjorde han barna sine nærast arvelause. Dei tre barna fekk ingenting utover rundt 25 millionar kroner dei fekk for aksjar dei eigde i konsernet for vel ti år sidan

Fekk halvparten av arven

I staden fekk kona Ellen Ugland 45 prosent av verdiane til skipsreiaren, medan barnebarnet Knut Nikolai Tønnevold Ugland fekk 55 prosent av bestefaren sine verdiar, som skal vere på rundt 1,65 milliardar kroner.

Måndag vart Ellen Ugland funnen død i leiligheita si på Lysaker i Oslo. Politiet etterforskar no saka som mistenkjeleg.

Det har no kome fram at testamentet til Ellen Ugland seier at barnebarnet Knut Nikolai Tønnevold Ugland er den som arvar også hennar aksjar i Ugland-selskapa.

Til saman har Ellen Ugland testamentert bort verdiar for 1,35 milliardar kroner til barnebarnet.

I intervjuet, som vart gjort for tre år sidan, kjem det blant anna fram at milliardarven hadde vore bestemt i lang tid. Barnebarnet Knut Nikolai Tønnevold Ugland skulle ta over Ugland Gård.

MEIR OM SAKA:

– Han er veldig lovande

– Ja, han har fått odelsretten på garden og vil bli her i distriktet. Han er den som skil seg ut når det gjeld gardsdrift. Han er interessert i det og han er glad i dyr, og han er fotballspelar på Jerv, seier han.

– Så han er spesialplukka av bestefar til å vere den som skal overta?

– Det er med hans vilje også. Men han er jo under opplæring og han må vidareutannast. Han er 21 år gammal (no 24), men er veldig lovande, seier Ugland.

Ugland-familien

ARVELAUSE: Johan Jørgen Ugland gjorde to av barna sine arvelause når han døydde tidlegare i år. Dottera hans fekk 5 millionar kroner, medan barnebarnet fekk over halvparten av verdiane hans.

Foto: Grafikk: Kari Løberg Skår/NRK

Gjorde sønene arvelause

Johan Jørgen Ugland døydde 88 år gammal i mars i år. Då vart dei to sønene hans gjort arvelause, medan dottera fekk 5 millionar kroner.

Barnebarnet, sonen til dottera, arva 55 prosent av formua etter bestefaren. I tillegg fekk kona Ellen 45 prosent av verdiane.

Ellen Ugland døydde måndag denne veka. Måndag vart dødsfallet omtala som naturleg, men torsdag kom meldinga om at politiet etterforskar dødsfallet som mistenkjeleg.

Taus om sønene

I intervjuet er Ugland lite interessert i å svare på spørsmål som handlar om barna hans.

– Sønene dine, er dei heilt ute av selskapa dine, eller har dei etablert seg?

– Lars (T. Ugland) kom til London for over 30 år sidan og er gift i England. Difor passar ikkje det inn. Han var med i styret her ein periode, men eg veit ikkje kor mykje eg vil seie om dette, seier i intervjuet.

Ugland: – Eg avgjer

Men han er klar på kven som skulle avgjere kven som skulle arve kva.

– Eg kan seie at det er eg sjølv som avgjer og det er nokså enkelt. Eg har lagt opp ein fullstendig plan på korleis det skal bli og korleis det skal drivast. Den som overtek må følgje det, seier han.

Politiet etterforskar dødsfallet til Ellen Ugland som mistenkjeleg. Politiet veit framleis ikkje kva som var dødsårsaka.

– Det betyr at vi ikkje kan utelukke at det er gjort ei straffbar handling. Vi har ikkje fått klarlagt dødsårsaka og etterforskar vidare for å få omstenda på det reine rundt dødsfallet, seier politiinspektør Stine Karlsen i Asker og Bærum politidistrikt til NRK.no fredag ettermiddag.