Hopp til innhold

Norgesplaster blir i Vennesla - opp mot 60 beheld jobben

Orkla droppar planane om å flytte Norgesplaster sin fabrikk frå Vennesla til Spania.

Anita Thorsen og Knut Eckhoff, Norgesplaster

– Jubelen stod i taket. Vi er utruleg glade for at vi kan få vere her i Vennesla, seier tillitsvald Anita Thorsen.

– Det har blitt nokre tårer opp gjennom. Men i dag har det berre vore gledestårer, seier ho.

På ein pressekonferanse tysdag offentleggjorde Orkla at Norgesplaster sin fabrikk ikkje skal flyttast til Barcelona og Spania.

– Det skulle gjerast ei grundig vurdering. Det viste at dette var riktig, seier Knut Eckhoff, administrerande direktør i Orkla.

Sjå intervju med tillitsvald Anita Thorsen.

Skal nedbemanne

Orkla opplyser at Vennesla-bedrifta skal effektiviserast. Det inneber nye maskiner og utstyr, men også nedbemanning.

– Over tid blir det ei nedbemanning på sikt. Kanskje opp mot ti årsverk. Men det håpar vi å kunne gjere med naturleg avgang, seier direktøren.

Orkla kjøpte opp Norgesplaster i 2020.

Sjå intervju med administrerande direktør Knut Eckhoff i Orkla.

Lang tradisjon

Bedrifta har tidlegare vore familieeigd og vart etablert i 1938. Bedrifta har gått med overskot kvart einaste år sidan oppstarten.

Fabrikken produserer mellom anna plaster, strips, bandasje og renseprodukt.

Attføringsbedrifta Via Partner i Kristiansand kunne også bli råka av flyttinga til Spania. Opp mot 20 arbeidarar jobbar med pakking av Norgesplaster sine produkt.

Det var full jubel i bedrifta då beskjeden om vidareføring av Norgesplaster kom.

– Det er eigentleg ubeskriveleg. Eg hadde ikkje venta dette, seier avdelingsleiar ved Via Partner i Kristiansand, Linn Merete Moseid.

Sjå jubelscenene frå attføringsbedrifta Via Partner.

Sjå intervju med avdelingsleiar Linn Merete Moseid ved Via Partner.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %