NRK Meny
Normal

Sjå animasjon av ny E39

Statens vegvesen har allereie presentert forslag til ny E39 i Søgne. No kan du sjå ein animasjonsvideo av den nye vegen.

Animasjonsvideo av ny E39 mellom Volleberg og Dole bru i Søgne.

Sjå animasjonsvideoen her.

Statens vegvesen har føreslått at den nye vegen skal gå i ein indre trasé, nord for dagens E39.

I forslaget skal vegen gå mellom Volleberg og Døle bru. Den nye vegen skal starte ved Monan kryss og gå gjennom to korte tunnelar på kvar side av Hellersdalen.

I det populære turområdet Hellersdalen skal veien gå i dagen.

Vegen skal også gå i ei kort bru over Trysfjorden og vidare mot Døle bru, der den vert kopla til dagens E39.

Vegtraseèn skal no ut på høyring før den vert behandla politisk av Søgne kommune.

Ny E39 i Søgne
Foto: Statens vegvesen
Kart og animasjon som forklares av Jon Terje Ekeland i Statens Veivesen