Hopp til innhold

Siste heimekamp for Vildalen

Handballveteran Preben Vildalen spelar sin siste heimekamp for ØIF Arendal i kveldens oppgjer mot Haslum.

Preben Vildalen

SLUTT: Preben Vildalen set punktum og spelar sin siste heimekamp i kveldens kamp mot Haslum.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er litt rart eigentleg. Samstundes gler eg med. Men med nokre og tjue år på toppnivå har kroppen godt av å kvile litt, seier Preben Vildalen til NRK.

Dermed går ei stor handballkarriere mot slutten. Vildalen kan sjå tilbake på heile 201 kampar med det norske flagget på brystet. Han scora 312 landslagsmål sidan landslagsdebuten mot Romania i 1994. Han spelte sin siste landskamp i 2007 i det som vart tap mot Danmark.

Preben Vildalen

PROFIL: Preben Vildalen har over 200 landskampar. Her i aksjon mot Egypt i januar 2007.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Må spele korta riktig

Vildalen har vore på bana i samtlege kampar i eliteserien i år, og har scora 72 mål for arendalsklubben. Sjølv om kveldens kamp blir hans siste i Nedeneshallen, betyr ikkje det slutten for hans engasjement i ØIF Arendal.

– Eg skal framlei bu i Arendal og er med i styret i klubben, så eg kjem til å jobbe kvar dag for at ØIF Arendal skal bli levande i norsk handball. Det trur eg vi har gode moglegheiter til, dersom vi spelar korta våre riktig, seier Vildalen.

Arendalsklubben treng eitt poeng på dei to siste kampane for å sikre plass i sluttspelet. På bortebane mot Haslum i februar vann arendalittane 29-26.

Leif Gautestad

OPTIMIST: ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad er optimist og trur på siger mot Hauslum i sesongens siste heimekamp.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Treng eitt poeng

– Vi har eit forsterka lag i forhold til når vi slo dei sist. Dei har eit godt lag, så det vert nok jamt igjen. Men vi har ei moglegheit, og skulle vi klare det har vi uansett gjort ein fenomenal fin debutsesong i eliteserien. Men det vil verkeleg spisse det og det vil gje oss ein god følelse før vi eventuelt går inn i eit sluttspel, seier trenar i ØIF Arendal, Leif Gautestad.

ØIF Arendal har kun tapt tre av dei siste ni kampane. Laget er kun eitt poeng bak fjerdeplassen på tabellen i debutsesongen i eliteserien. No håpar Gautestad på godt publikumsoppmøte i sesongens siste heimekamp.

– Eg håpar mange har lyst til å komme å hylle dei og vere med på å bære oss fram til siger. Vi treng støtte, seier Gautestad.

Terminliste ØIF Arendal 09/10

Terminliste ØIF Arendal 09/10

1. ØIF Arendal - Sandefjord

27-24

2. Elverum - ØIF Arendal

30-17

3. ØIF Arendal - Follo

23-21

4. Bodø HK - ØIF Arendal

32-27

5. ØIF Arendal - Stord

27-30

6. Haugaland - ØIF Arendal

22-29

7. ØIF Arendal - Drammen

30-31

8. Fyllingen - ØIF Arendal

35-21

9. ØIF Arendal - Bækkelaget

32-26

10. ØIF Arendal - Elverum

32-32

11. ØIF Arendal - Runar

27-29

12. Sandefjord - ØIF Arendal

23-24

13. Haslum HK - ØIF Arendal

26-29

14. Follo - ØIF Arendal

30-22

15. ØIF Arendal - Bodø HK

32-29

16. Stord - ØIF Arendal

17-31-

17. ØIF Arendal - Haugaland

29-26

18. Drammen - ØIF Arendal

37-27

19. ØIF Arendal - Fyllingen

35-29

20. Bækkelaget - ØIF Arendal

32-26

21. ØIF Arendal - Haslum

31-30

22. Runar - ØIF Arendal

19-25

Ekspander/minimer faktaboks
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %