Det var fredag morgon at politiet aksjonerte mot eit hus i Lindesnes.
Mannen hadde brote eit besøksforbod.
Bakgrunnen for at politiet bar våpen var at dei hadde fått opplysningar om at mannen hadde våpen i huset.
Pågripinga skjedde utan dramatikk, men politet fann våpen i huset til mannen.
– Vi kan ikkje seie noko om kva våpen det er snakk om, seier jourhavende jurist Per Moseid i Agder-politiet til NRK.
20-åringen skal no gjennom avhøyr.
– Vi vil førebels ikkje seie noko meir om saka, seier Moseid.