– Dette betyr ganske jamt trykk eit år fram i tid, seier direktør Øyvind Iversen til NRK.
Flekkefjord-firmaet skal levere den første supplybåten til hausten. Den andre skal leverast i april neste år.
Iversen vedgår at kontrakten kom i grevens tid.
– Det byrja å haste. Vi jobbar for å ha kontinuitet. Dette betyr veldig mykje for dei tilsette, då dei veit at det blir jamt trykk 12 månader framover, seier han.
Det skotske firmaet dei har skrive kontrakt med er ikkje ukjent for Simek.
– Vi har hatt kontakt med dei tidlegare. Vi har besøkt dei 2–3 gonger i året gjennom fleire år. Nokre gonger tek det veldig lang tid. Til slutt var vi heldige og fekk det til, seier direktøren.