Hopp til innhold

Denne steinen kan revolusjonere norsk vegbygging

Steinen heiter Silica Greenstone og kan bidra til ei meir berekraftig vegutbygging. Men førebels er det forbode å bruke han.

– Med dette kan vi skåne naturen, seier Anita Enebakk.

Ho er prosjektleiar for nye E39 gjennom Lyngdal.

Vanlegvis blir fjell og berg brukt til å skaffe stein som forsterkingsgrunnlag når ein bygger nye vegar.

Det kan det nå bli mindre av.

Anita Enebakk i Nye Veier er prosjektleder for nye E39 fra Lyngdal Øst til Lyngdal Vest.

Prosjektleiar i Nye vegar Anita Enebakk trur dette berre er starten på ein meir berekraftig måte å bygge veg på.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Motorvegprosjektet i sør har nemleg fått dispensasjon til å bruke Silica Greenstone, såkalla sigs, i staden for vanleg stein.

I desse dagar blir dei første lastebil-lassa med det grøne alternativet dumpa på strekninga.

Klimanøytral stein

Silica Greenstone er eit restprodukt frå silikomangan som blir brukt i stålproduksjon.

Steinen er grøn og hard.

– Du kan samanlikne han med ein bergart som ikkje er 200 millionar år gammal, men kanskje berre 14 dagar gammal, forklarer Leif Hunsbedt.

Han er senioringeniør i Eramet som skal levere steinen.

Silica Greenstone såkalt Sigs er et biprodukt fra produksjon av silikomangan.

Den grøne fargen til silica greenstone kjem frå manganinnhaldet.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Eramet Norway i Kvinesdal produserer årleg 220.000 tonn sigs. I tillegg har dei omtrent 1,5 års produksjon på lager som kan brukast.

Sigs blir rekna som klimanøytralt fordi alt CO2-avtrykket frå verket i Kvinesdal er knytt til produksjon av hovudproduktet, silikomangan.

Endrar reglane

I dag er det berre lov til å bruke stein for å lage vegkroppen på nye offentlege vegar og gater.

Men Statens vegvesen har foreslått å opne for å bruke andre typar då ny vegnormal blei sendt på høyring tidlegare i år.

Nå avslører Samferdselsdepartementet at dei vil endre reglane:

– Nå kjem det ein oppdatert vegnormal i løpet av sommaren. Der blir det opna for denne typen produkt, seier statssekretær i samferdselsdepartementet Tom Kalsås (Ap).

Tom Kålsås (Ap), statssekretær i Samferdselsdepartementet

Tom Kalsås, statssekretær i Samferdselsdepartementet fortel at dei endrar på regelverket i sommar, slik at ein kan bruke Sigs i vegproduksjon i framtida.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Skal teste fleire nye løysingar

Gjennom prosjektet «Berekraftig verdikjede og materialbruk i vegbygging» skal Nye vegar, Sintef og ei lang rekke andre aktørar, prøve ut nye berekraftige materiale og løysingar for vegbygging.

I løpet av tre år skal minst ti nye løysingar testast.

Prosjektet skal gjennomføre pilotar både i vegkonstruksjonen, i tunnelar og i konstruksjonar langs vegen.

Det «grøne gullet»

Dersom sigs blir brukt i nye vegprosjekt i framtida vil det som i utgangspunktet var eit restprodukt kunne bli god butikk for hjørnesteinsbedrifta i Kvinesdal.

– Vi kan ikkje seie noko meir nøyaktig om dette med reine tal, men det er definitivt eit potensial her, seier seniorrådgivar Leif Hunsbedt ved Eramet.

Eramet ved Fedafjorden i Kvinesdal. Til venstre i bildet kan man se lagrene med Silica Greenstone (SiGS)

Nede til venstre i bildet kan ein sjå «fjellet» av Silica Greenstone som Eramet i Kvinesdal har lagra. Om lag 300.000 tonn, opplyser bedrifta.

Foto: Eramet

Bedrifta ved Fedafjorden jobbar også med andre bruksområde for sigs.

Dersom materialet blir male ned til pulver kan det erstatte ein del av sementen i betong eller det kan brukast som jordforbetringsmiddel, fortel Hunsbedt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

En illustrasjon omkring hvordan Nye veier ser for seg å utnytte sidearealet til veien til å produsere kraft.

Tror dette blir en del av fremtidens veibygging

Et nærbilde av Anette Håkonsen-Hyvärinen. Hun har på seg en sort t-skjorte, langt rølig hår og briller, hun ser bekymret ut i luften, i mens hun forteller om opplevelsen i Dyreparken.

Ubehagelig do-opplevelse i Dyreparken: – Tror aldri jeg har følt meg så nedrig

Nicolai Østeby

Ungdomspolitikere om PST-advarsel: – Har fått flere mistenkelige meldinger

Postgirobygget, Emma Steinbakken, Fay Wildhagen og Victoria Nadine.

Festivalene booker de samme artistene: – Uheldig for nye band og artister

Bjarte Vestøl har rodd fra Kristiansand Til Vestre Jakobselv.

Pensjonisten har rodd 6000 kilometer: – Jeg ville ha en utfordring

null
Spiller nå
Mistenkt for tyveri 01:28
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 06 0,98 kr
Dyrest kl. 22 1,02 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %