Shaimaa og familien vart sende ut av Norge i november i fjor.
Foto: Privat
Lars Reme er med i støttegruppa til Shaimaa og familien.
Saman med Naciye Øzturk har han jobba intenst for å få Shaimaa og familien tilbake til Lillesand og Norge.
– Det var veldig spesielt. Då eg fortalde mora til Shaimaa at dei få komme til Norge vart det stille i telefonen. Ho gret av glede. Dette var så godt, seier Øzturk.
– Ein fantastisk kveld
Det var i november i fjor at 11-åringen og familien hennar vart henta av politiet.
Dei hadde fått avslag på søknaden om opphaldsløyve i Norge og skulle sendast til heimlandet Jemen. No kan dei reise frå krigen i Jemen.
– Eg er frykteleg glad. Vi hadde stor tru på at det kom til å bli eit positivt utfall. Då det tikka inn meldingar seint i går kveld var det fantastisk, seier Thomas Johnsen som er Shaimaa sin kontaktlærar på Borkedalen skole i Lillesand.
Shaimaa hadde budd i Norge i sju år då ho vart send ut av landet. Læraren vedgår at saka har prega klassen hennar.
– Dette har prega både klassen og skulen. Det har vore mange spørsmål frå elvane. Vi har prøvd å få kontakt med Shaimaa innimellom og har snakka med ho nokre gonger, seier han.
Kvardagen i Jemen har vore heilt annleis enn i Norge for Shaimaa og familien. Ho har møtte gå i heildekkande klede. I tillegg har ikkje barna kunne gå ut aleine. Då NRK snakka med Shaimaa i april fortalde ho at ho drøymde om å reise vekk frå bombene og komme til Norge.
– No håpar vi verkeleg at ho kjem tilbake til Lillesand som er heimen hennar, og at ho ikkje vert send ein annan stad i landet, seier læraren.
Shaimaa og søskena i Jemen.
Foto: PrivatKommunen vil hjelpe
Akkurat det arbeidet går støttegruppa no i gang med.
– Vi skal gjere ein innsats og håpar at lokalmiljøet vil ta dei godt imot igjen. Vi kjem til å ta kontakt med kommune og politikarar, seier Reme.
Lillesandordførar Arne Thomassen.
Foto: Svein Sundsdal / NRKOrdførar Arne Thomassen har sjølv engasjert seg i Shaimaa-saka. Han har hatt dialog med både statsråd og statsminister undervegs.
– Eg vart veldig glad då det vart kjent at dei får komme tilbake. Dette var innbyggjarane våre og ein familie som har budd her, seier han.
– Så sant det er mogleg kjem vi til å hjelpe familien slik at dei framleis kan bu i Lillesand, seier Thomassen.
Det er framleis uvisst når familien er tilbake i Norge. I brevet frå Utlendingsnemnda står det at det skal skje raskt.
NRK har forsøkt å komme i kontakt med familien i Jemen utan å lukkast.