Mannen sa til politiet at den prostituerte hadde stole pengane han hadde betalt for tenesta ved rutebilstasjonen i Kristiansand.
Sidan mannen innrømte å ha kjøpt sex, er han no i arresten og i tillegg bøtelagd for å ha brote sexkjøplova.
– Mannen er teke inn i arresten og vil bli bøtelagd, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Per Kristian Klausen til NRK.no.
Frå 1. januar 2009 har det vore forbode for nordmenn å kjøpe sex. Forbodet gjeld også i utlandet, men berre ein nordmann er bøtelagd for å ha kjøpt seg i utlandet.
Formålet med lova var å førebyggje og redusere menneskehandel og få ned talet på prostituerte og påverke haldningar.