NRK Meny
Normal

Sette rekord i Kristiansand-Hovden

Sportsklubben Rye sykla inn til 5.03,35 på sykkelrittet Kristiansand - Hovden. Det er ny rekord.

Sportsklubben Rye

Sportsklubben Rye sette ny rekord og kom først til mål.

Foto: Einar Kleveland/NRK

Totalt stilte over 1150 syklistar til start i sykkelrittet Color Line Setesdal Tour. Blant deltakarane var Thor Hushovd og Dag Otto Lauritzen.

– Alle tiders

Rittleiar Morten Messelt var strålande nøgd med arrangementet.

– Det har vore alle tiders og heilt suverent. Det har vore knallver og alle smiler og er nøgde, seier han til NRK Sørlandet.

– Det var utruleg artig at Thor Hushovd tok seg tid til å stille i rittet. Ifølgje rapportane eg har fått var han godt nøgd, seier Messelt.

Knirkefritt

Arrangementet har gått knirkefritt skal vi tru rittleiaren.

– Vi er hundreogtitusen glad for måten arrangementet er gjennmført på. Det har gått så knirkefritt som vi kunne drøymt om. Heilt suverent, strålar Messelt.