Hopp til innhold

Vetle (19) erstatta Thorkildsen – klinka til med ny pers

Vetle Brunvatne frå Søgne kom inn som erstattar for Andreas Thorkildsen og klinka til med ny personleg rekord under lag-EM i Tallinn.

Vetle Brunvatne

Vetle Brunvatne sette ny personleg rekord i spyd i Tallinn.

Foto: NRK

– Det var heilt rått. Kjempegøy, seier 19-åringen på telefon frå Estland.

Sørlendingen kasta 72,57 meter og sette ny personleg rekord. Samstundes kasta han over kravet til U23-EM som går same stad neste år.

– Eg tok det berre som ei erfaring i starten, for å sjå korleis det gjekk. Så såg eg jo at det gjekk veldig, veldig greitt. Det var kanonmoro, seier spydkastaren frå Søgne.

Inspirert av Thorkildsen

Andreas Thorkildsen

Andreas Thorkildsen stod over lag-EM i Tallinn.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Andreas Thorkildsen har slite stor med forma og valde å stå over lag-EM. Inn kom altså ein ny sørlending, for å erstatte den olympiske meisteren.

– Andreas har vore ein veldig stor inspirasjon for meg. Han er frå Sørlandet og viser at det går an å bli verdas beste spydkastar frå Sørlandet og Norge, seier Brunvatne.

No håpar 19-åringen på framleis framgang utover i sesongen.

– Eg tek nesten stemne for stemne, så får eg sjå korleis det går. Eg har sett meg nokre mål, til dømes U23-EM neste år. Det har eg vist at eg klarer no. Så er det å gjere det best mogleg i NM og junior-NM. Eg får ta eitt år om gangen, seier han.

Den norske troppen leverte gode resultat gjennom heile helga. Innsatsen heldt til opprykk til Superligaen. Dermed er nordmennene klar for å kjempe mot dei beste nasjonane i Europa neste år. Det blir det feiring av.

– Dei har planlagt bankett frå klokka 20. Men det er fleire stemner framover, så vi må halde det litt under kontroll, seier han.

Mjåland fekk skryt

Også Benedicte Hauge og Trine Mjåland frå Kristiansand var med i den norske troppen. Dei to sørlendingane var med på 4x400 meter stafett, der dei enda på 3. plass med tida 3.34,23.

800 meter-spesialist Trine Mjåland fekk skryt av NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal etter målgang på sin 400 meter-etappe.

– Trine Mjåland gjorde eit kjempeløp. Ho vert stadig betre og viser stayerevne og fart som er viktig på ein 800 meter. Eg ser ikkje vekk ifrå at ho vil presse tida si på 800 meter ytterlegare ned utover sesongen, sa Rodal.

4x400 meter stafett i Tallinn

Benedicte Hauge (f.v.), Line Kloster, Benedicte Hauge og Tara Marie Norum sprang inn til 3. plass på 4x400 meter stafett.

Foto: NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %