Mennene vart funne på ei hytte.
Dei to skulle til ei hytte ved Langevatn i Setesdalsheiene, nær Bortelid
Mennene på 73 og 63 år kom ikkje heim frå fjelltur som avtalt onsdag. Politiet sette i gang leiteaksjon etter dei to.
Både politi, Sea King-helikopter og fjellredningsgruppa deltok i søket.
Etter kort tids leiting vart dei to funne på ei hytte i området.