Hopp til innhold

Setesdalskofta får eiga bok

Både kjendisar og mannen i gata har lagt sin elsk på kofta. No gir tekstilkunstnar og strikke-ekspert Annemor Sundbø ut bok om det folkekjære plagget.

Tenner ol-ilden

Kronprins Haakon hadde æren av å tenne OL-ilden på Lillehammer i 1994. Han brukte kofta under seremonien.

Foto: NTB scanpix

Den norske kofta er omspunnet av mytar, religion og folketru.

– Kofter og genserar har alltid vorte seld på salsmytar.

Annemor Sundebø frå Kristiansand har forska på kofta gjennom fleire år. Ho seier det ikkje er få dømer på skrønehistorier for å hjelpe på salstalet.

Annemor Sundbø

No har Annemor Sundbø fått stipend frå Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening til å skrive ei bok om kofta og bakgrunnen for at den kom inn i vår tradisjon.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

– Til dømes skulle ein sjømann ha eit mønster i tilfelle han drukna så dei skulle kjenne han igjen når han dreiv i land. Dette er berre tull.

Dette er berre ei av fleire mytar.

– Det er ein myte om han som fann opp den første strikkemaskina, at han fann opp maskina for å avløyse kjærasten sin frå strikkepinnane slik at ho kunne vie meir tid til kjærleiken. Det finst ingen bevis for nokon ting av dette.

Strikkebølgje over heile landet

På Ose i Setesdal har Sundbø det som truleg er verdas største koftesamling beståande av 700 kofter.

No har ho fått stipend frå Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening til å skrive ei bok om kofta og bakgrunnen for at den kom inn i vår tradisjon.

– Eg skal skrive ei bok om kva den norske kofta er påverka av, korleis den har blitt brukt i vår tradisjon og korleis den har skapt ei strikkebølgje over heile landet som vi aldri har sett før.

Sundbø har fleire forklaringar på kvifor kofta er så populær akkurat i dag.

– Det er noko med at det minner folk om formødrene. Dei ser det på bilete og tykkjer dei er vakre, dei kan fornye dei og dei kan lage det som før har vore mannfolk-plagg meir feminine.

Setesdalkofte i Nihon Vogue

Interessa for strikking har hatt ei stor auke dei siste åra, meinar Sundbø.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Ho fortel at folk føler eit slags fellesskap når det kjem til kofter.

– Dei er distinkte og gjenkjennelege. Ser du andre med kofter så føler du eit visst slektskap til dei. Du er ein av dei, du er ein koftestrikkar.

Auka interesse

Interessa for strikking har hatt ei stor auke dei siste åra. Interessa var også stor då Sundbø skulle gi ut si første strikkebok i 1994, men det trudde ikkje forlaga på.

– Eg måtte kjempe for å få ut den første boka. Når ein ser på marknaden i dag så er det kome ut rundt 50 bøker i år om strikking, og dei fleste av dei sel over 20 000 eksemplar.

Ho trur ho har hatt ei viktig rolle når det kjem til den store strikkeinteressa blant nordmenn.

– Eg tenkjer at eg har vore med på å byggje opp denne marknaden med rot i denne fillehaugen, og forsøkt å mane ut denne anden.

Video Kofter til beskyttelse

På Ose i Setesdal har Sundbø det som truleg er verdas største koftesamling beståande av 700 kofter.

Foto: NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %