Hopp til innhold

Set opp vakter for å sikre skulevegen

Foreldre til elevar ved Nygård skole i Søgne set opp vakter for å passe på at barna kjem seg trygt over skulevegen.

Gangfelt Tangveien

Det er ved dette gangfeltet foreldra skal stå vakt.

Foto: Google Earth

– Fotgjengarovergangen er veldig skummel. Den er uoversiktleg, har dårleg belysning og det er mykje busker rundt, seier FAU-leiar, Lars Kjetil Sørhus ved Nygård skole til NRK.

Det er overgangen ved Tangveien på Hølleveien foreldre no skal stå vakter for å sikre at skuleelevane kjem seg trygt over.

– Det er i tillegg ein liten plattform å stå på. Du står nede i grøfta og ventar på trafikken. Bilistar har vanskeleg for å sjå dei som står og ventar, beskriv Sørhus.

For farleg for skulepatrulje

Ifølgje FAU-leiaren vurderte skulen å setje ut ei patrulje med 7.-klassingar for å hjelpe dei yngste elevane over vegen.

– Dei meinte at dette var for risikabelt. Dersom det er så farleg at 7.-klassingar ikkje kan stå skulepatrulje tenker eg at det ikkje kan vere forsvarleg å sende 1.-klassingar over, seier han.

Statens vegvesen har gjort ei risikovurdering på staden og er i gang med å legge ein plan for å utbetre overgangen. Men dette tek tid.

– Det er vanskeleg å tidssette dette heilt nøyaktig. Vi har ei forventning om at det vil komme pengar, men det er ikkje pengar inne på budsjetta akkurat no, seier prosjektleiar i vegvesenet, Marit Hunnes.

– Det tek vanlegvis eitt år å gjennomføre ein reguleringsplan. Så kjem neste trinn som er byggeplan. Det kan også ta eit år. Det tidlegaste ein kan få utført større tiltak er om to år, seier ho.

Mange vil vere vakt

Prosjektleiaren opplyser også at det er andre vegstrekningar som skal utbetrast.

– Alle tiltaka som skal inn på budsjetta konkurrerer gjerne mot kvarandre. Då blir det ein ser på som viktigast prioritert først, seier ho.

Det betyr at foreldre truleg må stå vakter i alle fall i to år før vegen er sikra for dei små fotgjengarane.

– Eg håpar ikkje det blir noko kvilepute for vegvesenet. Men det trur eg heller ikkje. Eg håpar ikkje vi blir ståande i fleire år, men om vi må det, så må vi sjå om vi kan få til det, seier Sørhus som ikkje hadde problem med å få foreldre med til å stille som vakter.

– Ikkje i det heile. Det var eit kjempeengasjement med ein gong, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %