NRK Meny
Normal

Set noregsrekord som ordførar

Torhild Bransdal (KrF) held fram som ordførar i Vennesla. Det betyr at ho vert Norges lengstsittande kvinnelege ordførar.

Torhild Bransdal

Torhild Bransdal går truleg på sin femte periode som ordførar i Vennesla.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Valglogo

– No skal vi «preike» saman med dei vi samarbeider med. Så får vi sjå, seier Bransdal til NRK.

Ein av dei er Senterpartiet og ordførarkandidat Eivind Drivenes. Han ser ingen grunn til å byte ut Bransdal.

– Nei, eg ser ikkje grunnlag for det. Vi som har styrt saman har gått kraftig fram. Vi har aldri vore så store i kommunestyret, seier Drivenes.

Ordførar sidan 1999

Torhild Bransdal vart ordførar i Vennesla i 1999 og sidan har ho sete i sjefstolen. No blir ho truleg sittande fram til 2019.

– Det er mykje som tyder på at eg blir den lengstsittande kvinnelege ordføraren i landet. Det er eg utruleg stolt av, seier Bransdal.

Men Bransdal var ikkje trygg på at det skulle bli ein jubelkveld. Då resultatet av førehandsstemmene vart offentleggjort fekk KrF kraftig tilbakegang.

– Då sat eg med ein knyttneve i magen og tenkte at dette ikkje vert noko gøy, seier Bransdal.

Valresultat Vennesla 2015
Foto: NRK

– Vanvitig press

Dei endelege resultata viste ein liten tilbakegang for KrF. Dei fekk 29,6 prosent av stemmene. Senterpartiet gjekk fram seks prosentpoeng samanlikna med førre val og enda på 12,8 prosent.

Arbeidarpartiet vart det nest største partiet i kommunen med 26 prosent.

– Når eg stiller så mange gonger som eg har gjort lever eg under eit vanvitig press. Etter kvart vart det ein veldig grei kveld. Då resultatet kom kjende eg både tårer og sveitte komme. Det er ei utlading. Eg er veldig letta over at det gjekk så godt som det gjorde, seier Bransdal.