NRK Meny
Normal

Set inn vakter på bussane

Busselskapet Nettbuss Sør vil starte med vakthald på bussane i Kristiansand.

Ransvideo bussran Kristiansand

VAKTER: Nettbuss Sør set inn vakter på bussane for å hindre ran i framtida. (Arkivfoto)

Foto: Overvåkingskamera

Bakgrunnen er fleire ran av bussjåførar i 2010. Både uniformerte og sivile vakter skal vere med i bussane.

Sivile vakter

– Vi vil ikkje komme inn på korleis vakthaldet skal føregå. Noko av hensikta er at det til ei kvar tid alltid er vakter på bussane. Det vert både sivilt og uniformelt personell på bussane, seier direktør Anders Roger Øynes til NRK.no.

Natt til nyttårsafta vart ein bussjåfør i Kristiansand rana. To menn brukte ein pistolliknande gjenstand til å truge til seg bussjåføren sine vekslepengar.

Dette var det åttande ranet i byen i fjor.

Vil beskytte sjåførane

– Det er ei forferdeleg utvikling på bussran i Kristiansand. No må vi beskytte våre tilsette og publikum. Då må vi starte i ein ende, seier Øynes.

Bussane har så langt vore videoovervaka. Men vakter vert ikkje innført fordi overvakinga har vore mislukka.

– Eg vil ikkje seie at det har vore mislukka. Vi har sett at spesielt dette med bråk og vald har gått kraftig tilbake på grunn av video. Desse ranarane ser ikkje ut til å bry seg om det, så då må vi setje i verk andre tiltak, seier regionsjef i Nettbuss Sør, Oddvar Abrahamsen.