NRK Meny
Normal

Sesilåmi er i gang

2500 skiløparar skal gå over 50 kilometer frå Valle til Sirdal.

Sesilåmi 2011

SPENT: Nokre av utøvarane før start i årets utgåve av Sesilåmi.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

– Det er klisterføre i dag. Det er mogleg det vert litt trått, men det spørs jo litt kor gode og kor dårlege løparane er, seier renneleiar Odd-Bjørn Elve til NRK.no.

Den første starten gjekk klokka åtte. Då skulle menn på 70 år og kvinner på 60 år, i tillegg til løparar som har gått rennet 30 gonger leggje ut på reisa. Halv ni la resten ut etter seading.

– Det er tåke og plussgrader. Det er heilt vindstille, seier Elve.

– Vi skal prøve å få utøvarane vel over heia, seier han.

I fjor vart rennet avlyst på grunn av uvêr. Sesilåmi, som er det største skirennet på Sørlandet, vart første gang arrangert i 1976.

Sesilåmi 2011

SMØRING: Utøvarane gjorde dei siste førebuingane i morgontimane laurdag.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK