Hopp til innhold

Ser du syklisten her?

Trygg Trafikk meiner mange syklistar ikkje er klar over kor lite synlege dei er i mørkret. Organisasjonen fryktar alvorlege ulykker.

Trygg Trafikk frykter at slurv med bruk av sykkellys skal føre til alvorlige ulykker. Organisasjonen utfordrer nå de største sykkelklubbene i Aust-Agder. I dag tidlig møttes de for å teste ut sykling i mørket.

TEST DEG SJØLV: Sjå sjølv om du ser syklisten i denne videoen.

– Eg får nesten dagleg telefonar frå bilistar som er uroa for mørke syklistar og spesielt i skumringa, seier distriktsleiar Pål Ove Sodefjed i Trygg Trafikk til NRK.

Pål Ove Sodefjed, Trygg Trafikk

Pål Ove Sodefjed er distriktsleiar i Trygg Trafikk.

Foto: Pål Tegnander/NRK

– Ein syklar ut etter skule og jobb, tek ein tur på 3–4 timar, så er det mørkt før du kjem heim att. Det er ikkje alle som tek det med i betraktning no for tida, seier han.

Tidleg måndag morgon møttest medlemmer frå Grimstad sykleklubb og Arendal cykleclub i tussmørket på Fevik.

Ikkje hundre prosent synleg

Fleire av syklistane fekk ei aha-oppleving då dei testa ut kor synlege dei var med og utan lys.

– Eg har aldri vore ute og sykla når det er så mørkt. Eg ser kor viktig det er å ha lys på sykkelen, seier Oskar M. Johansson.

– Det er viktig å ta omsyn. Dersom ein har lys må ein vite at alle kanskje ikkje legg merke til det. Sjølv om du har lys er du ikkje hundre prosent synleg, seier Morten Skoland Andreassen frå Grimstad sykleklubb.

Syklist i mørket

Denne syklisten har lyset i orden.

Foto: Pål Tegnander/NRK

Vil dele ut lykter

Han og dei andre syklistane som var med ut måndag morgon lovar no å skjerpe lysbruken.

– Dette er eit veldig bra initiativ. Det er noko vi ynskjer å vere med på. Vi vil dele ut lyktsett til våre medlemmer som treng det, seier leiar i Arendal cykleklub, Fredrick Berntsen.

Trygg Trafikk understrekar at folk må sjekke kvar lykta kan brukast når ein kjøper ei lykt.

– Dei sterkaste lyktene er i utgangspunktet berekna for bruk i terrenget. Dei kan vere blendande for møtande køyretøy, seier Sodefjed.

Fredrick Berntsen

Fredrick Berntsen er leiar i Arendal cykleklubb.

Foto: Pål Tegnander/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %