NRK Meny
Normal

Senterpartiet størst i Iveland

Senterpartiet får truleg behalde ordføraren i Iveland etter at Ole Magne Omdal ikkje tok gjenval. Partiet gjekk fram 8,7 prosentpoeng til 33,6 prosent ved årets val.

Ole Magne Omdal

Ole Magne Omdal tok ikkje gjenval, men Senterpartiet gjorde likevel eit godt val, og gjekk fram 8,7 prosentpoeng.

Foto: Finn Terje Uberg/Iveland kommune

Dermed kan ordførarkandidat Gro-Anita Mykjåland overta ordførarklubba for partiet. Med framgangen får partiet 5 representantar i kommunestyret, mot dagens fire.

Framstegspartiet misser ein av sine representantar etter å ha gått tilbake heile 7,4 prosentpoeng til 9,3 prosent. Dei står att med to representantar i kommunestyret.

Høgre fekk også fleire stemmer i år enn ved førre val. Partiet fekk 12,6 prosent av stemmene, og får dermed behalde sine to representantar.

Slik gjekk valet i Iveland:

  • Arbeiderpartiet fekk 16,1 prosent og får tre representantar, som i dag.
  • Senterpartiet fekk altså 33,6 prosent og får fem representantar, ein meir enn i dag.
  • KrF fekk 16,5 prosent og beheld sine tre representantar i kommunestyret
  • Venstre gjekk tilbake 2,5 prosentpoeng til 12 prosent og beheld sine to representantar
  • Høgre gjekk fram 3,4 prosentpoeng til 12,6 prosent. Også dei beheld sine to representantar
  • Framstegspartiet vart valtaparen i Iveland. Partiet misser ein representant med ein tilbakegang på 7,4 prosentpoeng til 9,3 prosent.