Hopp til innhold

Senka Amazon på fem minutt

Det stod 1-1 til pause, men fem effektive minutt i andre omgang gjorde at Arna-Bjørnar tok med seg alle poenga heim til Hordaland.

Amazon Grimstad

Amazon Grimstad tapte 1-3 mot Arna-Bjørnar i Toppserien.

Foto: NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Gjestene hadde ikkje vunne ein kamp denne sesesongen før kampen mot Amazon Grimstad på Levermyr stadion.

Optimismen var stor i Amazon-leiren før kamp, men laget kom raskt ned på jorda. For kampen var berre sju minutt gammal då Lisa Naalsund sende bortelaget i leiinga.

– Fortener ikkje å vinne

Kaptein Kristine Meland utlikna 20 minutt seinare på eit langskot. Grøntrøyene var nær ved å ta leiinga rett før pause, men stolpen berga Arna-Bjørnar.

Andre omgang skulle bli Arna-Bjørnar sin. Drygt ti minutt ut i omgangen sende Sigrid Heien Hansen hordalendingane i leiinga. Berre fem minutt etter det var det Tina Algrøy som i praksis punkterte kampen då ho sette inn 3-1 til Arna-Bjørnar.

– Surt. Vi gjorde nokre enkle feil på baklengsmåla. Då fortener vi ikkje å vinne i dag, seier kaptein Kristine Meland til Agderposten.

På 9. plass

Dermed blir Grimstad-klubben ståande med fire poeng i Toppserien.

Amazon ligg på 9. plass på tabellen etter fem serierunder.

Arna-Bjørnar klatra forbi Amazon på tabellen med sigeren på Levermyr. Dei ligg på plassen over med same poengsum.

Laster innhold, vennligst vent..