NRK Meny
Normal

Skulle sende CV - sendte i staden erotisk novelle

Therese Jortveit (25) frå Lillesand var litt for rask i vendinga då ho skulle sende CV saman med jobbsøknaden. I staden fekk bedrifta heite sexskildringar i ei erotisk novelle ho har skrive.

Therese Jortveit sende erotisk novell i jobbsøknad

CV-TABBE: Therese Jortveit kjem til å vere ekstra nøye neste gang ho sender CV.

Foto: Privat

Therese Jortveit

FLAU: Therese Jortveit kjem til å sjekke nøye om ho sender riktig dokument neste gang ho skal søke jobb.

Foto: Privat

– Eg formulerte ein ganske grei søknad. Så hadde eg CV-en klar. Den låg på pc-en saman med ei erotisk novelle. Så klarte eg å ta feil, og eg såg det ikkje før den var sendt, seier Therese til NRK.no.

Sørlendingen er på jobbjakt og hadde sendt ei rekkje med søknader same dag. Difor gjekk det nok litt i surr på slutten.

Rett på sak

– Eg er ikkje berre litt flau. Eg datt nesten av stolen, tok hendene på hovudet og tenkte «nei, nei». Eg hadde nokre rundar ute og sprang rundt huset. Eg var heilt stressa, ler ho.

– Den starta liksom ikkje med noko småsnakk heller. Her køyrer vi rett i gang, det var hardt, det var riving i håret, det var smekking på rumpa og detaljerte beskrivingar om intime delar, fortel ho.

Så kjente jeg noe hardt komme inni meg, øynene mine åpnet seg med en gang. Åh som jeg ikke klarte å la være å stønne. Kjente hele kroppen min begynte å skjelve, det var så lenge siden. Dette herlige vidunderet som kunne lage så mye godt.

Utdrag frå Therese Jortveit si erotiske novelle

Vil gøyme seg under dyna

Bakgrunnen for den erotiske novella var ein konkurranse ho skulle delta i saman med ei venninne. No er Therese spent på korleis «CV-en» blir motteken hos National Oilwell, som den vart sendt til.

– Eg håpar dei forstår at det er ein feil. Eg håpar ikkje at dei tek det seriøst og at dei trur at eg tenkjer at eg skal få jobb ved å sende ei erotisk novelle, seier ho.

– Kanskje dei ler av det og tykkjer det er morosamt, men det skal jo vere litt seriøst, og det er difor eg berre har lyst til å leggje meg under dyna å gøyme meg, seier ho.

Jeg ber han om å holde kjeft og gjøre akkurat det jeg sier. Kuken hans er så stram. Tar på masse glidekrem og begynner forsiktig å massere.

Utdrag frå Therese Jortveit si erotiske novelle

– Som ein raud tomat

Lillesandsjenta har enno ikkje fått svar på om ho skal til intervju. Uansett har ho planen klar dersom det skulle skje.

– Eg skal ta på meg ganske mykje brunkrem, elles kjem eg til å likne ein raud tomat der eg skal sitje og forsvare denne erotiske novella, flirer ho.

– Trur du at du får jobben?

– Eg trur ikkje det. Får eg den har eg i alle fall utmerka meg godt, ler ho.

Samstundes er ho klar på at ho kjem til å vere ekstra nøye neste gang ho skal sende ein jobbsøknad og CV.

– Eg kjem ikkje berre til å dobbeltsjekke. Eg kjem til å trippelsjekke gonger ti, seier ho.