Send til sjukehus i Oslo etter ulykke

Ein mopedførar er send til sjukehus i Oslo etter ulykke ved Frøysland skole i Mandal.

Trafikkulykke i Mandal

Ulykka skjedde ved Frøysland skole i Mandal.

Foto: Ronny Blix

Tilstanden til personen er førebels ikkje kjent.

NRK får opplyst på ulykkesstaden at mopedføraren truleg har brote vikeplikta då han kolliderte med ein bil.

Føraren vert først send til sjukehuset i Kristiansand med ambulanse. Deretter vert personen frakta vidare til sjukehus i Oslo med luftambulanse.

Ein passasjer som sat på mopeden er uskada, ifølgje politiet.