– Årsaka er det enkle faktum at den økonomiske ressursen er tørka ut. Vi får ikkje nye tilskot. Dermed har alle tilsette fått oppseiing, seier styreleiar Ansgar Gabrielsen i Foreningen for barnepalliasjon.
Dagleg leiar Børre Nedrejord Rakstang seier det har vore ein emosjonell dag.
– Sjølv om vi har visst at det har vore eit potensielt utfall sidan oktober, så har vi hatt eit håp om at vi skulle kunne få til drift i tråd med det vi brenn for, og har ynskt å få til, seier han.
– Men det var uunngåeleg at det gjekk som det gjekk. Eg har full forståing for at det var slik det måtte bli, men det er litt rart også, seier han.
– Korleis har dei tilsette teke dette?
– Dei har vore budde på at dette var eit potensielt utfall. Dei tok det med fatning, men det er likevel emosjonelt. I det du får oppsigelsen i handa er det over, seier han.
Dagleg leiar Børre Nedrejord Rakstang seier det har vore ein emosjonell dag for dei tilsette.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRKKnusande rapport
Styret har også vedteke at foreininga skal selje ei leilegheit dei eig i Kristiansand sentrum.
I januar offentleggjorde Helsedirektoratet ein rapport, der det kom fram ei rekkje kritikkverdige funn knytt til pengebruket.
Direktoratet har uttalt at foreininga må betale tilbake eit tosifra millionbeløp. Dei stoppar også all framtidig finansiering av barnehopsicet Andreas Hus.
– Vi hadde ingen sjanse til å halde fram basert på signala som har komme frå sentrale styresmakter med tanke på økonomi, seier Gabrielsen.
20. januar avslutta foreininga for barnepalliasjon arbeidsforholdet til generalsekretær Natasha Pedersen.
Kostar millionar og byter namn
Dei tilsette hadde eit håp om at senteret ville opne dørene. Men no er det klart at alle mistar jobben.
Ifølgje Ansgar Gabrielsen vil oppsigelsane koste mellom fire og 5 millionar kroner.
Det vert også jobba med å finne ut kva det splitter nye bygget, som står klart, kan brukast til.
– Vi ser framover på kva drift vi kan få til i dette fantastiske bygget, med det fantastiske utstyret. Vi veit jo at det er mange barn og familiar, som har behov for desse fasilitetane, seier styreleiaren.
– Vi er i dialog med Kristiansand kommune for å sjå korleis bygget kan nyttast til formålet som var tenkt, seier Gabrielsen.
Det er også klart at namnet på bygget, som i dag er Andreas Hus, skal bytast. Huset er oppkalla etter tidlegare generalsekretær Natasha Pedersen si dotter.
– Vi vil etterkomme hennar ynskje om å ikkje behalde namnet, seier Gabrielsen.
– Eg håpar huset kan komme til nytte for sjuke barn og familiane deira. Får vi til det er det ein liten trøyst, seier Nedrejord Rakstang.
Andreas Hus skulle ha opna dørene i januar.
Foto: Per-Kåre Sandbakk