Hopp til innhold

Seier nei til ny storkommune

Kommunestyret i Vegårshei vil ikkje slå seg saman med Arendal, Tvedestrand, Risør og Gjerstad. Ordføraren er kritisk til kommunesamanslåingsprosessen som pågår i kommunane.

Vegårshei-ordfører Kirsten Helen Myren

Høyr intervju med Vegårshei-ordførar Kirsten Helen Myren (Sp).

Ordføraren er kritisk til kommunesamanslåingsprosessen som pågår i kommunane.

– Det er eit forferdeleg hastverk. Sjølvsagt med tanke på inntektssystemet som er sendt ut på høyring, og som vi ikkje har aning om korleis vil slå ut, seier ordførar Kirsten Helen Myren (Sp).

Tysdag kveld vedtok kommunestyret med 12 mot 9 stemmer at dei ikkje vil slå seg saman med dei fire andre kommunane.

– Ynskjer å opptre ryddig

– Vi meiner at tenestene til innbyggjarane blir betre varetekne når vi held fram som eigen kommune, seier Myren.

Kommunestyre i Vegårshei

Kommunestyret i Vegårshei seier nei til samanslåing med fire andre kommunar.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– For vår del var det heilt uaktuelt å støtte ein storkommune i juni, dersom det er det einaste alternativet til å stå aleine. Ved å seie stopp og avslutte no ynskjer vi å opptre ryddig, seier ho.

– Kva reaksjonar ventar du no frå dei andre K5 Aust-kommunane?

– Eg forstår at det vil lage hovudbry for dei andre kommunane. Med ved at vi stoppar no, får dei som er att høve til å vurdere om dei vil gå vidare, seier ho.

Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet fekk fleirtal. Arbeidarpartiet og Høgre stemte mot å stoppe prosessen no.

Glad for at Sp har snudd

7. april fortalde NRK at ordførarane i dei fem kommunane underteikna ei intensjonsavtale om samanslåing.

Ordførarane i Gjerstad og Tvedestrand gjorde det klart allereie då at dei sa ja til ei samanslåing.

– Dette er i tråd med det vi har ynskt heile tida. Vi er takknemlege for at Senterpartiet har revurdert i haldning i saka, seier Torp.

Intensjonsavtale om kommunesamanslåing

Her underteikna dei fem ordførarane i Arendal, Tvedestrand, Vegårshei, Gjerstad og Risør ei intensjonsavtale om samanslåing. I midten ser du Vegårshei-ordførar Kirsten Helen Myren.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %