Hopp til innhold

Seier nei til fiberkabel

Statnett seier nei til å leggje fiber saman med straumkablane til Tyskland og Storbritannia. Dei meiner likevel det kan vere mogleg å realisere eit fiberprosjekt uavhengig av straumkablane.

Kabel Skagerak

Statnett seier nei til å leggje fiberkabel saman med straumkablar til Tyskland og Storbritannia, men opnar for eit frittståande prosjekt.

Foto: Lars Horn / Lars Horn / Baghuset

Ein fiberkabel til Tyskland og Storbritannia kunne gjort Noreg til ein datalagringsgigant.

Planer om store datalager i Vennesla kunne skapt fleire tusen arbeidsplassar.

Men no er planlegginga av å leggje fiberkabelen saman med straumkablane til Tyskland og Storbritannia skrinlagt. Dette fordi Statnett meiner det er for stor risiko for å skade straumkablane på denne måten.

– Vi har heile tida sagt at det å leggje fiber kombinert med straumkabel vil bli krevjande, og vi ser no at det ikkje er mogleg å gjennomføre utan betydeleg risiko for både straumkablane og eit integrert fiberprosjekt. Denne risikoen unngår vi i stor grad i et frittståande fiberprosjekt, opplyser konserndirektør Håkon Borgen i ei pressemelding.

Frittståande fiberprosjekt

Difor inviterer dei altså no til å byggje fiber uavhengig av utanlandskablane.

Selskapet skriv i pressemeldinga at dei vil invitere interesserte partar til eit samarbeid om realisering av eit frittståande fiberprosjekt.

– Det er eit sterkt ønskje om eit fiberprosjekt frå fleire, og vi har gjennom våre undersøkingar fått god oversikt over moglege samarbeidspartnarar. Vi vil difor invitere interesserte partar til å delta i finansiering og utvikling av dette konseptet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %