NRK Meny
Normal

Sandstø: – Situasjonen er alvorleg

Jerv-trenar Arne Sandstø vedgår at situasjonen no er kritisk for klubben som har vore på ei medgangsbølgje i tre år.

Jerv tapte for Start

Jerv-trenar Arne Sandstø på Sør Arena etter møtet med Start. Jerv tapte 2–3.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er veldig alvorleg. Vi erkjenne at vi er eit botnlag. Det hjelper ikkje å vere det mest skapande laget i åtte av ti kampar. Fotball handlar om å score mål, seier Jerv-trenaren til NRK.

Etter ti serierundar i 1. divisjon står laget utan ein einaste siger.

Seks uavgjort og fire tap er status. Laurdag avga laget poeng igjen, då dei tapte 2–3 mot Start i Kristiansand.

– Det er ikkje godt nok. Vi er alt for dårlege på presisjon. Vi er gode på sju av ti fasar i fotball, men det er kanskje dei sju minst viktige fasane, seier Sandstø.

Frå toppkamp til botnkamp

I 2014 feira Grimstad opprykk til 1. divisjon. I debutsesongen i 1. divisjon spelte laget kvalifisering til eliteserien. Laget følgde opp i fjor då dei spelte kvalifisering igjen.

Men i år har det butta imot frå start. Laget ligg nest sist på tabellen.

– Eg trur hovudbiten er at vi har vore heilt daude føre motstandaren sitt mål. Eg trur det er der det trykker mest, seier Sandstø.

– Ting kan snu fort, men det må gå nokre alarmbjeller no. Vi er snart halvspelt, så det må skje noko. For det første må vi bli meir mannfolk i boksen, seier Jerv-spelar Eirik Haugstad som scora 2-3-målet mot Start.

Jervs Christopher MacConnacher etter tapet for Start.

Sjå intervju med Jerv-spelar Christopher MacConnacher.

– Mannfolk mot barn

Den andre målscoraren mot Start, Christopher MacConnacher, vil ikkje svartmåle situasjonen.

– Spelemessig tykkjer eg dette er det beste Jerv-laget eg har vore med på. Men vi er alt for spe i boks. Vi slepp inn alt for lette mål. Vi trykker ikkje til i nokon av boksane. Då spelar vi uavgjort og vinn ikkje kampar, seier han.

– På begge dei to første mål i dag er det mannfolk mot barn. Det har vore melodien i år. Dei elleve som er på bana må blø for det, seier midtbanespelaren.

Førstkommande torsdag får Jerv-laget ein ny sjanse til å blø for drakta. Då kjem Åsane på besøk i 3. runde i cupen.

Laster innhold, vennligst vent..