– Vi veit kor stor oppslutning vi har i bygda, seier Sigurd Berg Aasen i aksjonsgruppa «Vi som vil ha Søgne kommune tilbake».
Den siste tida har dei samla inn 2000 underskrifter både på nett og på dør til døraksjonen. Nær ein av fem innbyggjarar har signert.
No møter aksjonsgruppa kraftig kritikk frå fleire.
– I mi verd finst det ei grense for kor langt ein skal trekkje dette. Eg trur eg er ei stemme for mange tause, fornuftige og oppegåande Søgne-folk som håpar vi kan roe dette ned, seier bebuar Anne Lise Riseng.
Anne Lise Riseng bur i Søgne og er sterkt kritisk til at aksjonsgruppa no samlar inn underskrifter.
Foto: Geir Ingar Egeland / NRKOrdføraren: – Øydeleggande
1. desember vedtok bystyret i Kristiansand å stoppe prosessen om lausriving av Søgne og Songdalen frå samanslegne Kristiansand kommune. Vedtaket vart gjort med 39 mot 32 stemmer.
Men aksjonsgruppa gir seg ikkje. Målet er at Søgne skal oppstå igjen som eigen kommune innan 1. januar 2024.
Søgne blei ei symbolsak for Senterpartiet i valkampen.
Trygve Slagsvold Vedum lova at kommunen kunne lausrive seg så fort Sp kom til makta.
– Viss dei vil det sjølv. Då organiserer vi folkerøysting. Vi kjem til å leggje til rette for det i regjering, sa Vedum til NRK.
Trygve Slagsvold Vedum vitja Søgne i valkampen. Han lova at dei skulle bli fri frå Kristiansand viss han kom til makta.
Foto: Lars Nehru Sand / Lars Nehru SandAksjonsgruppa meiner eldreomsorg og skule har fått lite etter samanslåinga.
– Vi har fått opp mot 50 prosent auka kommunale utgifter og dårlegare tenester, seier Aasen.
Ordførar Jan Oddvar Skisland (Ap) er særs kritisk til underskriftskampanjen.
– Eg tykkjer det er veldig synd at dei ikkje klarer å respektere vedtaka. Eg håpar ikkje at folk i Søgne let seg dra inn i dette useriøse som held på no, seier Skisland.
Han får reaksjonar frå folk som kjenner seg ukomfortabel med framgangsmåten. Skisland meiner det er øydeleggande for Søgne, Kristiansand og demokratiet.
Kristiansand-ordførar Jan Oddvar Skisland meiner aksjonsgruppa bør akseptere bystyrevedtaket som sa nei til reversering av samanslåing.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKOm kritikken: – Merkeleg
Anne Lise Riseng kjenner folk som tykkjer det er vanskeleg å seie nei til å skrive under.
Det forstår Aasen lite av.
– Det høyrest heilt merkeleg ut. Vi har full respekt for dei som ikkje vil skrive under, seier han.
Dei får kritikk for manglande informasjon om kva underskriftene skal brukast til.
Aksjonsgruppa seier dei byggjer opp eit innbyggjarinitiativ.
Politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus.
Foto: Thomas Sommerset / NRKToget har gått
Politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus, meiner det er lite realistisk at aksjonsgruppa får gjennomslag. Han grunngjev det med at regjeringa i si plattform seier at ein søknad om oppløysing må komme frå kommunestyret.
– Og Kristiansand bystyre har sagt nei, kommenterer Udjus.
I inndelingsloven heiter det at eit innbyggjarinitiativ kan føre til søknad om grensejustering.
– Men ein kan ikkje bruke eit slikt initiativ til å opprette ein ny kommune, meiner Udjus.
Sigurd Berg Aasen vil halde fram med å samle underskrifter trass i kraftig kritikk.
Foto: Geir Ingar Egeland / NRK– Lever i eit demokrati
Ordføraren ber aksjonsgruppa om å gje opp.
– Det minner om formar for åtferd som ikkje høyrer heime i det norske samfunnet, seier Skisland.
Men Aasen har ingen planar om å høyre på ordføraren.
– Som innbyggjarar har vi rett til å ta initiativ til ting vi tykkjer er rett. Vi meiner det er rett å krevje Søgne kommune tilbake. Då held vi fram med det, seier Aasen.