NRK Meny
Normal

Samlar tarmkreft-operasjonar i Kristiansand

Sjukehusleiinga har bestemt at alle pasientar med tarmkreft skal opererast i Kristiansand.

All tarmkreftkirurgi på Sørlandet skal nå samles på sykehuset i Kristiansand. Det ble kjent i dag. Årsaken er at en ny gjennomgang av pasientjournaler viser at tarmkirurgien i Kristiansand er veldig mye bedre enn i Arendal.

Geir Bøhler

Geir Bøhler

Foto: Leif Dalen / NRK

– Vi samlar alle operasjonar i Kristiansand. Kirurgar med base i Arendal skal no operere pasientar saman med kolleger i Kristiansand, seier klinikksjef Geir Bøhler ved Kirurgisk klinikk i ei pressemelding.

– Denne modellen har fagmiljøet gitt si tilslutning til. Vi gjer dette for å sikre lik behandling med best mogleg kvalitet, seier Bøhler.

– Meir komplisert

Det har storma rundt tarmkreft-saka dei siste månadene. Fleire pasientar som var operert for tjukktarmskreft ved sjukehuset i Arendal måtte reopererast.

Sjukehuset har gjennomført ei intern gransking på bakgrunn av talet på reoperasjonar.

Granskinga viste at Sørlandet sykehus Arendal måtte reoperere 19,6 prosent av pasientane som var operert for tjukktarmskreft i 2011 og 2012.

– No har vi sett på heilheita i behandlingstilbodet, og funnet ut at ulike komplikasjonar og årsakssamanhengar er meir komplisert enn det vi tidlegare hadde moglegheit til å vurdere. Difor skal vi frå no av utføre all tarmkreftkirurgi i team i Kristiansand, seier Bøhler.

– Diskutert i fagmiljøet

– Det har vore diskutert i fagmiljøet på tvers av Arendal og Kristiansand gitt si tilslutning til at alle tarmkreftoperasjonar framover skal utførast av av felles team av kirurg frå Arendal-Kristiansand på alle tarmkreftoperasjonar på Sørlandet, seier sjukehusdirektør Jan Roger Olsen til NRK.

Sjukehusdirektøren påpeikar at sjukehuset har gjort ein grundig gjennomgang på rutinane ved sjukehuset i Arendal.

– Vi kan ikkje seie at vi sit med dokumentasjon på at det er dårlegare rutiner i Arendal enn i landet forøvrig, men vi har særs gode resultat i Kristiansand, og det er det vi no vil sikre gjennom denne organsiseringa, seier Olsen.

Geir Noraberg jobbar ved sjukehuset i Arendal og sit i styret i Sørlandet sykehuset. Han støttar omlegginga.

– Fagmiljøet på tvers har blitt einige. Det må vi støtte opp om. Det som er bekymringa går på akuttfunksjonen og rekruttering på sjukehuset. Det er viktig at ein set det på dagsorden slik at ein får dette inn i samarbeidsformer, slik at desse tinga vert ivaretekne, seier Noraberg til NRK.

Skuffa over avgjerda

Leiar for Sørlandet sykehus Arendal i våre hjerter, Sigurd Ledaal, seier han er forundra og skuffa over avgjerda.

– Ein skulle tru at direktøren ville utstyre sjukehuset i Arendal slik at tarmkirurgien kunne gjennomførast forsvarleg. Sjukehuset i Kristiansand har større ressursar på dette feltet, og dermed også færre feil, hevdar han.

Ledaal stod nyleg bak folkemøtet for sjukehuset i Arendal, og seier at dette er nok eit ledd i nedbygginga av sjukehuset i Arendal.

– Fylkeslegen er heller ikkje ferdig med si behandling av tarmkreftsaka, så her dreg det forhasta konklusjonar, seier Ledaal.

Tillitsvald: – Eit stort framskritt

Tillitsvald ved Sørlandet sykehus Arendal, Egil Hagen, er nøgd med den nye ordninga.

– Det er ein konstruktiv måte å løyse problemet på. Det som er nytt no er at ein er meir eitt team der kirurgar frå Arendal også kan operere i Kristiansand. Det har det tidlegare ikkje vore gehør for. Det er eit stort framskritt, seier Hagen.

– Er det ikkje eit problem for miljøet og kompetansen at ein misser dette fagområdet i Arendal?

– Ein misser ikkje fagmiljøet i og med at våre kirurgar framleis deltek i fagområdet og held seg oppdatert og får naudsynt operativ erfaring, seier han.