Hopp til innhold

Samlar inn miljøfarlege ruter

Torsdag startar Norsk Gjenvinning arbeidet med å samle inn nesten 3000 farlege vindauge i Agder-fylka. Rutene inneheld miljøgifta PCB, som det framleis er høg konsentrasjon av i mange fjordar og havnebasseng.

– PCB fins framleis i skadlege konsentrasjonar i naturen og er eit stort problem. Prøvar av til dømes menneskeblod og fugleegg viser at vi balanserer på grensa for kva som gir skader i næringskjeden, seier fagrådgjevar i Naturvernforbundet, Per-Erik Schulze.

– For menneske er det særleg fare for forsterskader, seier han.

70 000 i året

Vindauga som inneheld PCB er farleg avfall, og må bahandlast på ein bestemt måte. Norsk Gjenvinning har mottak for slikt avfall over heile landet, og reknar med å samle inn rundt 70 000 vindauge i året.

– Dersom du lurer på om vindauga dine heime eller på jobben inneheld PCB, kan du sjekke avstandsskinna mellom glasa. Der er som regel produksjonsåret prega inn, seier avtaleansvarleg Geir Sparboe i Norsk Gjenvinning.

Det er særleg isolérglas frå perioden 1965 til 1975 som kan innhalde PCB. Importerte glas kan innhalde PCB heilt fram til 1980.

Styresmaktene brukar store ressursar på å samle inn stoffet. PCB vert brote sakte ned i naturen.

– Ikkje kast i containeren

– Særleg i elektrobransjen, riving og rehabilitering er det ein del som syndar på dette området. Mykje PCB-haldig avfall endar på ulovlege fyllingar eller blanda med anna avfall, seier Schulze.

Dersom du pussar opp må du altså ikkje kaste isolérglasruter i containeren saman med anna avfall.

– PCB-haldig isolérglasruter utgjer ingen fare så lenge dei er i bruk og er heile. Men når dei skal kasserast må dei behandlast som farleg avfall, seier

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %