Hopp til innhold

Sambuaren til den sikta: – Han ville ikkje ha skada ei fluge ein gang

Sambuaren til mannen som er sikta for vald med døden til følgje etter ei hending i Kristiansand i påska, er overtydd om at det var sjølvforsvar.

Boligen på Mosby

Natt til 1. påskedag døydde ein mann i 40-åra etter ei valdshending på Mosby i Kristiansand. Sambuaren til den sikta er overtydd om at det må ha vore sjølvforsvar.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

– Han er ein god mann som er godt likt av folk. Han ville ikkje ha skada ei fluge ein gang.

Det seier sambuaren til mannen i 40-åra som er sikta for grov kroppsskade med døden til følgje. Hendinga skjedde på Mosby i Kristiansand natt til søndag 1. påskedag.

Ein mann i 40-åra vart erklært død av lege på staden kort tid etter at naudetatane kom fram.

Måndag vart den sikta mannen varetektsfengsla i to veker. Sambuaren har ikkje fått prata med han etter hendinga.

Les også Døde etter vold – siktede erkjenner ikke straffskyld

Døde etter vold på Mosby i Kristiansand

– Eg tenkjer mykje på han. Eg håpar politiet forstår at dette må ha vore sjølvforsvar, seier ho.

Den sikta mannen nektar straffskuld.

Ifølgje forsvareren hans Vibeke Knutsen beskriv sikta hendinga som ei ulykke.

Han erkjenner at han har vore til stades, ifølgje Knutsen.

NRK har vore i kontakt med mor til avdøde. Ho ønskjer ikkje å bidra til spekulasjonar om kva som skjedde i bustaden, og tek omsyn til opplysningar frå politiet.

Les også Kim Harald Liane døydde etter vald: – Eit kjempetap

Kim Harald Liane døde natt til 1. påskedag.

Undersøkjer hendingsgangen

Saka blir etterforska for fullt av politiet i Agder. Det er sett ned eit team som består av jurist, etterforskarar, kriminalteknikarar og analytikarar.

Politiet ønskjer mellom anna å få greie på årsaka til hendinga og omstenda rundt dødsfallet.

Ein undersøkjer også kva relasjon det er mellom sikta og avdøde.

– Kva som faktisk har skjedd, kven som var på åstaden og årsaka til hendinga er ting vi ser på, seier politiinspektør Cecilie Pedersen til NRK.

Hendinga skjedde inne på nedlagde Mosby stasjon omkring ti kilometer nord for Kristiansand sentrum.

I bygningen er det to leilegheiter. Avdøde budde i ei av leilegheitene.

voldshendelse-Mosby

Mannen i 40-åra som er sikta for grov vald med døden til følgje nektar straffskuld.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

Har fått obduksjonsrapporten

Politiet i Agder fekk onsdag den foreløpige obduksjonsrapporten av mannen som døydde.

– Vi kan ikkje gå inn på det som står i rapporten, seier Pedersen.

Ho seier at siktinga kan blir endra og at det vil bli gjort ei fortløpande vurdering på dette.

Hendinga er ikkje kategorisert som drap.

Det er basert på dei opplysningane politiet har fått hittil om hendingsgangen.

Jourhavende jurist Cecilie Pedersen i Agder politidistrikt.

Politiinspektør Cecilie Pedersen i Agder politidistrikt.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %