Hopp til innhold

Dobla sal av rusbrus – fryktar at unge drikk meir

Butikkdrivar Erling Jensen må stadig fylle på med rusbrus i butikkhyllene sine. Salet er meir enn dobla på ti år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Kjøpmannen på OBS sin stormarknad i Arendal er i full gong med å hente nye kassar med rusbrus frå lageret.

Han stablar flasker i alle tenkelege fargar inn i butikkhyllene.

– Det går verkeleg unna med denne typen drikke. Vi har sett ein auke, fortel han.

Jensen seier det særleg er yngre kundar som vel dei søte alkoholdrikkene.

– Det kjem stadig nye typar med andre smaker. Vi har nå over 30 ulike sortar med søte drikker som inneheld alkohol. Unge folk vil ofte teste det nye.

Meir enn dobla salet

I fjor vart det selt over 26 millionar liter rusbrus i Noreg.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå er salet meir enn dobla på ti år.

Rusbrussalet nådde ein topp i 2021, for så å flate ut i 2022. I 2023 nådde salet ein ny topp.

Vetle Eg er på veg inn i daglegvarebutikken.

Han kjenner seg att i trenden. I hans eigen ungdomsgjeng er det rusbrus det går mest av.

– Dei fleste eg kjenner drikk rusbrus på fest. Det er spennande smakar og fine fargar. Det aukar stemninga, seier han.

Vetle Eng

Vetle Eg seier dei fleste i gjengen hans drikk rusbrus.

Ein annan kunde, Heidi Løvdal Nyland, er ikkje like begeistra for den nye trenden.

– Eigentleg ikkje. Det blir for søtt for meg. Og så kan du ikkje sette deg i bilen og køyre etterpå.

Men ho forstår kvifor det kan slå an, særleg blant unge folk.

– Det er jo enkelt å drikke. Det smakar som saft.

Rusbrus

Trass i store stablar med rusbrus, går det fort unna.

Foto: Espen Bierud / NRK

Fremstår meir «ufarleg»

Salet av vin, øl og brennevin har auka med mellom 10 og 20 prosent frå 2019.

I same korte periode har omsetninga av rusbrus stige med 30 prosent.

Generalsekretær i alkovettforeininga Av-og-til, Ragnhild Kaski, er uroa for utviklinga.

Ho meiner bransjen retter seg særleg mot unge. Det er snakk om produkt med søte smakar og lite smak av alkohol.

– Det fremstår meir ufarleg, og det kan fort få unge til å starte med alkohol tidlegare. Det kan også gjera at fleire drikk meir.

Ragnhild Kaski

Ragnhild Kaski trur likskapen med alkoholfrie drikker gjer det enklare for unge folk å starte med alkohol.

Foto: Av og til

Kaski legg til at slike produkt også er lettare synlege i sosiale medium, særleg hos influensarar.

– Produsentane har et viktig ansvar for å hindre ei aukande trend, meiner ho.

Kva drikk du helst på fest?

– Alkoholfritt er trenden

Dei som produserer rusbrus her i landet, åtvarar mot å overdrive auken i rusbrus-salet.

– Trass veksten i prosent, utgjer denne typen drikke berre rundt 4 prosent av alkoholomsetninga.

Det seier direktør i Bryggeri og drikkevareforeininga, Erlend Vagnild Fuglum.

Det er viktig å hugse på at effekten av pandemien og grensehandel framleis spelar inn. Vi er enda ikkje tilbake til ein «normalsituasjon».

Erlend Vagnild Fuglum, direktør i Bryggeri- og drikkevareforeningen til NRK.

Direktør i Bryggeri og drikkevareforeininga, Erlend Vagnild Fuglum seier trenden med å drikka alkoholfritt er sterkare enn rusbrukstrenden.

Foto: Siri Saugstad / NRK

Fuglum seier det ikkje nødvendigvis betyr auka forbruk, men at vi kjøper meir av alkoholen heime, i staden for i utlandet.

Og han meiner det er andre tendensar som er like viktige.

– Det er alkoholfrie alternativ som er trenden no. Det vore ei auke i salet på over 50 prosent det siste tiåret, legg han til.

Både Vinmonopolet og daglegvarebransjen sel meir alkoholfrie variantar. Tal frå Vinmonopolet viser ein auke på 12 prosent frå 2021–2022.

Tabellen under viser utvikling i sal av alkoholhaldige drikkevarer i åra 2013–2023. Tala er oppgitt i 1000 liter, og er henta frå SSB.

Alkoholomsetning

Vareliter Brennevin

Vareliter vin

Vareliter øl

Vareliter rusbrus

2013

11506

76604

244980

13013

2014

11192

75801

241538

13774

2015

11159

75938

240445

14106

2016

11120

76351

249450

15472

2017

11111

76075

250789

15943

2018

10888

77219

254925

17677

2019

11229

78878

254546

18231

2020

14036

105154

278182

22315

2021

14604

106567

291576

26462

2022

13203

91376

271129

25928

2023

12470

89608

263101

26643

Prosentvis endring

8 %

17 %

7 %

105 %

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

To damer som registrerer vekster i en blomstereng.

Ringes ned av folk som vil ha blomstereng

Fanny Gauperaa på Scenen i Paris.

Danser på ikoniske Moulin Rouge: – En drøm

Henry Østhassel er Trump-supporter og har bilde av Trump på bilen sin.

Norskamerikaner etter Trump-attentatet: – Han er en sterk leder

Pågrepet for drap i Porsgrunn

Dømt til forvaring for drapet på Oliver (22)

null
Spiller nå
Mistenkt for tyveri 01:28
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,82 kr
Dyrest kl. 09 1,1 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 3,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,8 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %