Hopp til innhold

Sakna mann kom til rette

Ein mann som vart meldt sakna i Lillesand har komme til rette. Her er politiloggen natt til søndag.

07.00, Lillesand: Ein mann (35) som vart var meldt sakna i Lillesand er komme til rette. Mannen vart funne i Oslo natt til søndag. Han var sist sett fredag kveld i Lillesand.

03.00, Arendal: Ein mann vart sett i arresten etter å ha oppført seg ufint på ein utestad. Mannen hadde også hasj.

02.55, Kristiansand: Ein mann slo ut ei tann og blødde naseblod etter å ha blitt spent beinkrok på. Politiet veit ikkje kven som stod bak.

02.00, Kristiansand: Politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrt inn i eit rekkverk i Timeneskrysset. Bilen var borte då politiet kom til staden.

01.55, Kristiansand: Melding om ein mann som gjekk på E18 ved Vollevannet. Ei politipatrulje fekk mannen over på gangstien.

01.02, Kvinesdal: Ein mann vart send til legevakta for sjekk etter å ha blitt slått i ansiktet.

01.00, Kristiansand: Ein gut vart vist bort frå sentrum etter at han prøvde å komme seg inn på ein utestad utan å vere gammal nok.

00.37, Kristiansand: Politiet fekk melding om slåsting utanfor ein utestad. Ein person vart køyrd til legevakta med ein kul i hovudet.

00.20, Mandal: Politiet stoppa ein rusa førar på E39.

00.17, Arendal: Ein ubuden gjest dukka opp på eit privat arrangement på Tromøy. Gjesten skal ha slått til vakter på staden og vil bli meld for forholdet.

00.05, Lyngdal: Ein bil sklei av vegen i Drangedal. Ingen personar vart skada. Ifølgje politiet var det veldig glatt på staden.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %