Hopp til innhold

Sakna 42-åring funne i god behald

Den 42 år gamle mannen som var meldt sakna ved Knaben i Kvinesdal er funne i god behald.

Leiteaksjon etter 42-åring ved Knaben

LEITEAKSJON: Det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter mannen. Kring 60 personar deltok i søket. Ved 12-tida søndag melde mannen sjølv ifrå om at han var i god behald.

Foto: Geir Ellingsen

– Han ringde sjølv og fortalde at han hadde teke inn på ei hytte, seier vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola, Asbjørn Viste til NRK.no.

Hovudredningssentralen sitt Sea King-helikopter var i ferd med å starte søk då meldinga kom.

– I storform

– Dei var i ferd med å førebu seg til å starte søk, men så fekk vi beskjed om at han var funne, seier han.

Ifølgje Viste har mannen forklart at han har gått fleire kilometer i løpet av natta for å finne ei hytte han kunne ta inn i. Til slutt fann han ei hytte det var folk i, og han fekk ringt kona og gitt beskjed om kvar han var.

– Mannen sa sjølv at han var i storform. Så dette enda godt, seier Viste.

Ifølgje politiet var det mannen sjølv som ringde kona. Då var han på kommunegrensa til Hægebostad. Rundt 60 personar var involvert i søk etter mannen.

– Det vart sett i gang omfattande søk etter mannen. No gjekk det heldigvis bra til slutt. Dette er ein mann som er godt kjent i område og han var relativt godt kledd, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Øystein Vellesen til NRK.no.

Leita etter sakna mann ved Knaben

STORE MANNSKAP: Rundt 60 personar var med på å leite etter mannen.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Var på fjelltur

Mannen la ut på ein fjelltur saman med kona laurdag. Kona gjekk etter kvart tilbake til hytta på grunn av kraftig regn og fordi ho var våt.

Men mannen ville halde fram og ringde tre og ein halv time seinare og fortalde at han hadde gått seg vill ved Knaben. Deretter gjekk han truleg tom for straum på telefonen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %