Hopp til innhold

Sabeltann-toppen kan vere nådd

Dei siste åra har Kaptein Sabeltann-førestillinga fått meir og meir pyro-, lyd- og lyseffektar. No kan førestillinga ha nådd grensa på kva som er mogleg.

Intervju med Terje Formoe før kveldens premiere.

Sjå intervju med Terje Formoe før premieren på Kaptein Sabeltann-førestillinga.

– Det hadde ikkje vore gøy om vi ikkje sa ja til det. Men eg trur på ein måte at vi har nådd ei grense på kva vi kan klare reint teknisk i løpet av ei såpass begrensa prøvetid. Staben har vore enormt pressa, seier Kaptein Sabeltanns «far», Terje Formoe til NRK.

Også i år vert det brukt mykje pengar på pyro-, lys- og lydeffektar på førestillinga.

– Det er nok litt meir enn i fjor, seier Formoe.

Rekordlang planlegging

I 2014 vart Kristiansand Dyrepark melde til politiet for å ha brukt laserlys på førestillinga.

Dyreparken sa då at dei skulle gå gjennom rutinane sine.

Også i år vert det mange effektar. Dette krev grundig planlegging.

– Vi har planlagt førestillinga rekordlenge. Effektsjefen har vore her i parken i mange månader for å byggje opp heilt ny sceneografi, fjell, scener og alt vi har funne på i tillegg til det vi har hatt tidlegare, seier Formoe.

Ny førestilling

Etter to år med «Kaptein Sabeltann og Jakten på Den Magiske Diamant» blir det i år comeback med «Kaptein Sabeltann og Den Forheksede Øya».

– Det er ein veldig krevjande og komplisert produksjon med veldig mykje teknikk. Vi har vel aldri hatt så mykje på ein gong tidlegare, seier han.

– Det er også veldig mykje logistikk. Alt skal stemme med spelet. Det er veldig spennande, seier Terje Formoe.

PHR SABELTANN - SKIP

Kaptein Sabeltann er ein populær mann, spesielt om sommaren då Kaptein Sabeltann-førestillinga vert halde i dyreparken i Kristiansand.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Nær 50 000 selde billettar

Allereie før Kaptein Sabeltann-førestillinga har komme i gang er billettbunkane i ferd med å bli tynne.

Måndag kveld går premieren føre fullsette tribunar i Kjuttaviga i Kristiansand. Det betyr over 2500 publikummarar.

– Vi passerer veldig snart 50 000 selde billettar. Det betyr at vi har cirka 10 000 att. Det er ikkje lenge til alt er rive vekk, seier Kaptein Sabeltanns «far», Terje Formoe til NRK.

– Billettsalet ligg betre an no enn på same tid i fjor. I fjor vart det utselt, og mykje tyder vel på at det blir slik i år også, seier sals- og marknadsdirektør Anniken Schjøtt i Kristiansand Dyrepark.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %