Hopp til innhold

Sa opp lærarjobben på grunn av skjermbruk

Lærar Heidi Lagerqvist Moland valde bort jobben i den offentlege skulen fordi ho meiner bruken av digitale verktøy har gått alt for langt.

Lærer

Heidi Lagerqvist Moland fekk nok av skjermbruken i den offentlege skulen. No jobbar ho på ein privatskule.

Foto: Espen Bierud / NRK

– Hovudproblemet er at vi ikkje veit kva skjermbruken gjer med barna våre. Så lenge vi ikkje veit det, kan vi ikkje bruke skjerm i så stor grad som vi gjer no. Det må bli forska meir på, seier Heidi Lagerqvist Moland.

Læraren, som først fortalde om sitt val til Agderposten, har no funne seg ein ny jobb ved Steinerskolen i Arendal.

I timane sine på privatskulen, vil ho ikkje sjå ein einaste PC eller iPad.

Ho har funne ut at det fungerer godt utan.

– Det gjer jo det. Og så er det så mykje hyggjelegare når eg kan prate med elevane direkte i staden for å gå rundt medan dei sit og ser på ein skjerm.

Moland meiner utviklinga med stadig meir bruk av skjerm i skulen, har gått altfor fort.

– Eg kan ikkje fatte og begripe korleis vi kan forsvare dette, seier ho.

Ifølgje FIKS (Forsking, innovasjon og kompetanseutvikling i skulen), har dagleg bruk av nettbrett i norske klasserom nesten dobla seg frå 2015 til 2019.

Lærer

Moland synest ho òg blir betre kjent med elevane når dei ikkje bruker skjerm i klasserommet.

Foto: Espen Bierud / NRK

– Eit tankekors

Forskar og professor ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, Anne Mangen, kan forstå bekymringa til læraren.

– Ein har pøst på med teknologi utan å ha forsking som faktisk kan seie noko om effekten det har på læring. Det er eit tankekors, seier ho.

Sjølv har ho forska på kva digitalisering har å seie for mellom anna lesing.

No har forskinga på akkurat dette feltet komme såpass langt at dei veit ganske mykje.

– Nyare studiar viser at lesing av lengre tekstar og informasjonstekstar på skjerm, har ein negativ effekt på leseforståinga.

Resultatet er basert på fleire kunnskapsoversikter. Ein av dei hadde over 170.000 deltakarar.

Det finst òg forsking som viser at bruk av skjerm kan vere bra for leseferdigheitene, men det er når skjerm blir brukt til å hente inn informasjon eller i prosjektarbeid.

Mangen synest elles diskusjonen om bruk av digitale verktøy i skulen, er alt for generell, og at det er viktig å finne ut kva verktøya eignar seg til og ikkje.

– Det er stor forskjell på å bruke digitale verktøy som skrivereiskap og på å bruke det til lesing. I tillegg er det forskjell på å lese på PC, kontra på ein iPad eller telefon. Det er mange sånne nyansar, som altfor sjeldan blir trekte fram.

Anne Mangen, UiS

Forskar Anne Mangen seier at digitale verktøy som eignar seg til eitt formål, ikkje nødvendigvis eignar seg til eit anna.

Foto: UiS

Ikkje samd i at digitaliseringa har gått for langt

Skulesjef i Arendal Øystein Neergaard, var med på å vedta skjerm til alle elevar i grunnskulane til kommunen. Han er ikkje samd i at digitaliseringa har gått for langt.

– Men det er viktig at lærarane bruker digitale verktøy med omhug. Dei må ta val om når det eignar seg.

Han trur dei kjem til å halde fram med skjerm til alle.

– Digitale evner er grunnleggjande evner på lik linje med å kunne lese, skrive og rekne.

Kva tenkjer du om at lærarar sluttar i protest på gru~nn av for mykje skjermbruk?

– Det synest eg er synd. Eg håpar og trur at vi har takhøgd for alle lærarar i den offentlege skulen i Arendal.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) har sagt at det er kommunane som skal bestemme kor ofte og kva digitale verktøy og ressursar skal brukast til.

Ho meiner vi må vri fokuset frå å telje talet på timar til å sjå på korleis verktøya blir brukte.

Lærer

Skulesjef i Arendal Øystein Neergaard, seier at det har vorte litt meir bruk av skjerm under koronapandemien, men meiner det har vore nødvendig verktøy når elevane har hatt heimeskule.

Foto: Espen Bierud / NRK

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %