Hopp til innhold

Sa nei til vindmøllepark

Eit stort fleirtal i Lyngdal kommune gav tommelen ned til vindmøllepark på Kvinesheia mellom Lyngdal og Kvinesdal. Parken er ein del av til saman 275 vindmøller i sju ulike vindparkar.

Vindkraft

NEI: Lyngdal kommunestyre sa nei til vindmøllepark. No skal saka opp i kommunestyret i Kvinesdal.

Foto: Knut-Sverre Horn

Norges vassdrags- og energidirektorat har tidlegare sagt at dei vil lytte til kommunen.

– Det var overraskande, men gledeleg overraskande frå min ståstad at kommunen sa klart nei, seier grunneigar Rolf Bergstrøm til NRK.no.

Misser ti prosent

Over 50 prosent av kommunestyrerepresentantane sa nei til vindmøllepark i gårsdagens kommunstyremøte.

– Eg tolkar det ikkje på nokon annan måte enn at politikarane ikkje ynskjer vindkraft i Lyngdal, fordi konsekvensane vert for store i forhold til kva dei får att, seier han.

– Lyngdal kommune vil miste over ti prosent av sitt inngrepsfrie naturområdet, som ligg tett opp i Lyngdal sentrum, som vert brukt av folk til rekreasjon og friluftsliv, fortel han.

Spent på Kvinesdal

Saka skal også opp i kommunstyret i Kvinesdal.

– Kvinesdal er ein stor aktør, så vi er spente på kva dei vil gjere. Eg håpar dei høyrer på Lyngdal som sin nabokommune, men ein veit aldri, seier han.

– Dette er i alle fall eit kjempesprang for Lyngdal. Dette er ein stor siger, det er det ingen tvil om, seier Bergstrøm.

Tidlegare har NRK fortalt om ein hubro som kan stoppe utbyggjing av vindmølleparken. Det er tidlegare gjort funn av eit reir med to årskyllingar, noko som vert betrakta som unikt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %