Hopp til innhold

Sa nei til fylkessamanslåing

Vest-Agder og Aust-Agder blir ikkje slått saman. Fleirtalet i Aust-Agder vil ha to fylke også i framtida. Det viser resultata frå folkeavstemminga i aust.

Nei til fylkessamanslåing i Agder

NEI: Det blir ikkje samanslåing av Agder-fylka. Her gratulerer leiar av ja-aksjonen, Maya Twedt Berli, nei-general Jan Rudy Kristensen med sigeren.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Det er klart etter at resultata frå folkeavstemminga har komme frå dei største kommunane.

– Eg har gratulert nei-folket. Men etter mi meining har dei spelt på kjenslene til folk og komme med lite reelle fakta, seier leiar for ja-aksjonen, Maya Twedt Berli til NRK.no.

80 prosent mot

Det endelege resultatet er enno ikkje klart, men ligg førebels på rundt 67 prosent imot ei samanslåing av Agder-fylka.

Twedt Berli er til dagleg ordførar i Vegårshei, ein kommune det var stor motstand mot samanslåing.

– Det beskriv denne debatten veldig godt. Kommunane lengst aust i Aust-Agder er imot, medan vestkommunane er meir opne for ei samanslåing, seier ho.

I Arendal som er den største kommunen i Aust-Agder stemte heile 80 prosent mot ei fylkessamanslåing. I Grimstad stemte 58 prosent mot samanslåing av fylka.

Debatten død

– Eg trur nok diskusjonen rundt eitt Agder-fylke er lagt død for denne gang, men så har du jo nokre kommunar som likevel kan komme til å melde overgang til Vest-Agder, seier ho.

Både Lillesand, Iveland og Birkenes hadde i tillegg eit eige val der innbyggjarane måtte ta stilling til om kommunane skal melde overgang til Vest-Agder. Der er førebels uklart kva resultatet vart i desse vala.

RESULTAT FOLKEAVSTEMMING

KOMMUNE

JA%

NEI%

BLANK

Totalt

 

 

 

Valle kommune

72,5%

25,5%

2,0%

Evje og Hornnes kommune

75,5% 

21,6% 

2,9% 

Vegårshei kommune

10,5%

88,1%

1,4%

Grimstad kommune

38,2%

57,7%

4,1%

Bykle kommune

54,8%

41,6%

3,6%

Iveland kommune

 

 

 

Lillesand kommune

 

 

 

Froland kommune

9,5%

89,2%

1,2%

Arendal kommune

17%

80,7%

2,3%

Gjerstad kommune

9,8%

88,1%

2,1%

Risør kommune

20,5%

78,5%

1,0%

Birkenes kommune

 

 

 

Åmli kommune

20,4%

77,2%

2,4%

Bygland kommune

 

 

 

Tvedestrand kommune

 

 

 

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %